“Villsau, stoltheit og framoverlent” svarar Øyvind Lending når vi spørr om han kan beskrive Solundmat med tre ord.
Villsauen på Solund sørger for fleire positive utfall. Villsauen skaper landskapsløyper og hindrar gjengroing av landskapet, og dette på ein særs berekraftig måte. Villsauen gir gode produkt, og skaper på denne måten arbeidsplassar i eit mindre samfunn.
Solundmat er kjend for dei smaksrike tradisjonsprodukta sine. I løpet av eitt år produserer dei 40.000 matopplevingar for alle som handlar produkta deira. Øyvind påpeiker at det gir dei stoltheit til produktet, å kunne bidra til smaksrikeopplevingar, og ikkje minst å kunne bidra til felles verdiskaping i samfunnet.
“Vi ser at dei som handla lokalmat, er bevisst på å støtte dei små produsentane, og på denne måten kan vi halde fram med å skape arbeidsplassar på Solund.” fortel Øyvind.
Lokal verdikjede
Lokal verdiskaping er noko Øyvind verdsetter høgt. Ute i distrikta er ein gjerne avhengig av kvarandre for å skape noko. Solundmat kjøper vestlandsråvarer frå til dømes Hyllestad og Fjaler for å kunne produsere sitt produkt på Solund. Han kalla det for Verdikjeden. Ikkje berre er dei bevisst på å utnytte det lokale og regionale, men dei er opptatt av å gjere Solund attraktivt for fleire. Dette håpar dei å gjere gjennom å tilby arbeidsplasser, og då særleg til kvinner. I dag har dei til dømes kvinneleg dagleg leiar, Fanni Balatoni, og ho har bidratt i stor grad på meir struktur og meir målretta satsing for Solundmat.
For å kunne tilby arbeidsplassar jobbar dei stadig med effektivisering og forbetring av produksjonsmetode. Dette er viktig for å sørge for Solundmat sin økonomiske framtid. Det er viktig at kvaliteten er på topp for kundane, og ikkje minst er det viktig for dei å kunne drive effektivt og økonomisk.
Vi er ikkje så mykje dyrare i pris enn andre. Vi forsøker å effektivisere drifta slik at ein ikkje treng å prise seg så høgt. Målet er at flest mogleg kan ete lokalmat som kvardagsmat!” seier Øyvind.