Vidunderleg frå Undredal

Undredal Stølsysteri

Undredal Stølsysteri har ei interessant historie bak seg. Undredal er ei sjarmerande og fin lita bygd, midt på fjordstrekninga mellom Gudvangen og Flåm. Særskild med denne bygda er at det ikkje var anna tilkomst til bygda enn via fjorden. Dei fekk ikkje vegutløysing før så seint som i 1988. Undredal er kjend for stavkyrkja si, og ikkje minst, den kvite og brune Undredalsosten! 

Osten har alltid vore laga lokalt i bygda på grunn av vanskeleg ferdsel til og frå bygda før slutten av 80-talet. Før vegen kom, blei melka levert med båt, og så tog frå Voss.  

Sterk tradisjon

“Alle er fortruleg meg ysting her i bygda,” seier Anna Karine, “ikkje alle kan det, men det er ikkje eksotisk for oss.” Anna Karine fortel at då ho var budeie tilbake i byrjinga av 80-talet, var dei åtte familiar som dreiv Undredal Stølsysteri. I dag er dei tre familiar som driftar Undredal Stølsysteri. Det er ein gamal tradisjon som dei har utvikla ilag. Dei ystar heile året, så lenge det er melk å få, f.o.m februar t.o.m september. 

Geitene befinner seg på somarstølen, Langhuso, på somaren. Der i frå fraktar dei melka i ein liten transporttank ned til ysteriet, som befinner seg rett før du kjem ned til bygda. Her blir ho ysta. Den eine dagen lagar vi kvitost, og kokar opp mysa for seg sjølv. Neste dag blir mysa kokt opp til mysost. Det er ein person som er ansatt til å lage kvitost, og ein av eigarane sjølv koker brunosten. Kvitosten er ysta av upasteurisert mjølk, altså fersk råmjølk, og dei brukar kun si eiga mjølk. Per dag lagar dei 15-16 kvitoster på ca. 3 kg kvar, og 40 brune oster på 1,5 kg kvar. På eitt år ystar dei totalt 100.000 liter mjølk på eitt år. Dei ystar fem dagar i veka, og mjølka som er til overs, blir henta av Tine meieri. 

Lokal verdiskaping

“Det er særskild godt å jobbe for bygda, slik at dei som bur her ønskar å halde fram med å bu her.”

Eit særs viktig mål med denne ystinga er å auke lokal verdiskaping, slik at det skal vere mogleg å leve av den tradisjonsrike geitehalda i framtida. Mykje av osten blir seld på Underdalsbui, som er lokalbutikken i Undredal. Det er viktig å oppretthalde aktivitet i bygda, sørge for arbeidsplassar og at folk vil halde fram med å bu der, og flytte dit. “Det er fleire ungdomar som busett seg her, så vi har jo hittil klart å ivareta bygdekulturen.” seier Anna Karine.

Undredal Stølsysteri sine målsettingar innanfor å styrke lokal verdiskaping, står i stil med Coop sine verdiar om å støtte opp om lokale produsentar.  

For Undredal Stølsysteri er det viktig at både lokale og dei som er på gjennomreise får tak i denne særprega osten i regionen der den er produsert. Difor ønskjer vi å levere til Coop

– Anna Karine

Undredal stølsysteri sine produkt kan du få på følgande Coop Nordvest butikkar:

Bakar Jon

Extra Florø

Extra Lærdal

Extra Øvre Årdal

Mega Førde