Vi gler oss til jul!

smaksglede-julebord

Vi gler oss til jul og alt som høyrer jula til. Familie og vener skal samlast, og ein vil gjerne gjere stas på alle ein er glad i denne perioda. Livet er hektisk for dei aller fleste, og ein gløymer ofte at dei gode stundene og minnene skjer i kvardagen, og ein kan gjer ta det for gitt, som til dømes dei gode samtalane og det gode humøret rundt middagsbordet. God mat samlar familien, vener, kollegaer og kanskje nytt bekjentskap. Som Kjetil Russenes frå Sognefjord kaffebrenneri seier: Ein kopp kaffi er ein uformell måte å kome i kontakt med menneske på, og kan nyttast i kvar ei anledning. Det same gjeld for mat. 

Vi har spurt følgarane våra kva dei forbinder med julemat og juletradisjonar, og her har vi fått mykje god og spanande inspirasjon! 

Juleaktivitetar og assosiasjoner

Etter ei god runde med juletrehogging er det godt me noko smakfult som ventar deg heime: Smalahovemiddag med riskrem eller multekrem til dessert, etterfulgt av kransekake og kaffi. Nokon ønsker å tilbringe så mykje av advent- og juletida som mogleg saman med barnebarna. Då er det kakebaking eller akebakke som er det store. Andre er glad i adventskos med venninner der det er viktig med kaffipauser frå bakinga. Nokon brukar mykje tid på å lage adventskalender til sine kjære, og nokon arrangerer juleverkstad for barn og barnebarn. Gløgg og julefilmar er også ein klar favoritt blant følgarane. Klementinar er definisjonen på julelukt for mange, og denne sitrusfrukta har gjerne fleire stasjonar i huset. 

(Artikkel held fram under bileta)

Julestemning rundt matbordet 

Det er fantastisk å høyre om alle dei ulike mattradisjonane som rører seg i dei ulike områdene. For mange er det mest vanleg å ete pinnekjøt på julafta, men det er alvorleg mange som også et juletorsk. Fleire slår til med lutefisk på vesle julafta og nokon ventar til 1. juledag. Nokon stappar kalkun med mykje godt fyll som til dømes eple og godt krydder, og andre nyter deilig svineribbe (eller grisaribba) med sprøtt svor. Andre brukar både pinnekjøt og svineribbe på same kvelden og har gulrotstuing og tyttebær attåt! 

Det fine med høgtider som jul, er at ein gjerne vil unne seg noko ekstra godt. Det er dette dei lokale produsentane våra er opptatt av at vi skal kunne gjere heile året også: Lokalmat som kvardagsmat. Det er ikkje berre på sjølvaste julafta vi kan ete julemat – då julemat inneheld ein fantastisk variert meny, kan ein sørge for tradisjonsrike matopplevingar heile jula!