Tydelege påskemattradisjonar!

Raspekaker-Smaksglede-CoopNordvest

Frå gamal kristen tru hadde ein dei 40 dagane før påskeafta avstått frå feit mat og andre gleder. Fordi ein avstod frå kjøt i fastetida, var det derfor vanleg å stelle i stand eit ordentleg festmåltid med kjøt og feit mat på påskeafta. I denne artikkelen har vi tatt for oss mattradisjonanen som høyrer påska til frå følgarane på Smaksglede! 

I kommentarfeltet til påskekonkurransen som herjar på Facebook og Instagram, i regi av Smaksglede, dukkar det opp mange smakfulle og tradisjonsrike matrettar. Mange av følgarane lever etter “jula varer heilt til påske”-prinsippet og køyrer på med pinnekjøt, poteter og kålrabistappe, medan andre trår til med lammelår og grillmat. Det er jo tross alt vår, og når sola kjem og vinden stilnar, då kan ein jammen ta fram grillen og bålpanna! 

Raspeball/ball/kompara er også ein tradisjonsfavoritt, og gjerne med tilbehøyr som bacon, poteter, rømme, sirup… Ja, nokon klinkar til med pinnekjøt attåt komle også! Påska er ikkje så lang, så det er viktig å utnytte mest mogleg av tradisjonane! Pinnekjøt smakar jo nesten betre dagen etterpå, særleg når du blandar den godt inn i lapskaus. 

(Artikkel held fram under biletet.) 

Påskekonkurranse-Smaksglede-CoopNordvest

 

Kylling og grillmat stiller også sterkt, men lammelåret har fått flest uttalelsar. Lammelår med rotgrønsaker, fløtegratinerte poteter, og anna godt tilbehøyr. 

Nokon har som tradisjon å variere, då det ikkje er så nøye, berre dei har god mat og Kvikk lunsj! Nokon fyller påskeegget til randen, og andre nyter gode egg til frokost saman med røyka laks. Fleire har investert i bålpanne og brukar den hyppig i påskeferien. Her kan ein tilberede alt frå laks til grillpølser. Andre nyter lammelår med påskekrimmen, og slår til med kalkun på påskeafta. 

Vi har fått nyss i korleis tilberede lammelår på gresk vis: Kleftiko! Kleftiko kjem frå ordet “kleptoman” som betyr tyv. Historia om korleis kleftiko oppstod er spennande! Visste du at metoden er oppfunnen av krigarane i Hellas frå frigjeringa av det ottomanske riket? 

Det er mykje kjøt på menyen, men det er mange på Vestlandet som nyter gode fiskerettar også. Der i blant laks, torsk og klippfisk. Saman med Kvikk lunsj, dukkar også appelsina opp som turmat. Vi går jo mykje på tur i påskeferien, både til fots og på ski. Nokon kokar påskeegg ute i skogen på tur, og andre tar med seg spekemat. 

Som dykk ser er det mange gode mattradisjonar i påskeferien. Finn det du treng av tradisjonsmat  i din nærmaste Coop Nordvest-butikk!

Du kan framleis delta i vår Påskekonkurranse ved å klikke her. Ein vinnar blir trekt påskeaftan.