Tid for spekemat

kandalkjøt-smaksglede-coopnordvest

Kjenner du til noko som er meir lokalt forankra i norske bygder enn spekematen? Spekematen er ei historisk sett naudsynt vare, fordi metoden kjøtet blir lagra på er for å halde det heilt til neste slaktesesong. Med ein langdryg vinter og vanskelege kår å dyrke på, var spekematen ein viktig livreddar før i tida. I dag er det sett på som ei luksusvare av eit ordentleg handverk.

(Artikkelen held fram under biletet).

kampanje-oleringdal-smaksglede-coopnordvest

 

Hyttekos, tapas, turmat, luksus, nostalgi, godt tilbehøyr, påske, jul, vår, 17. mai, graut, god smak, mykje smak med meir passar alle inn i skildringa på spekemat. Nokon gonger er det så godt at ein ikkje klarar å stoppe å ete, og derfor er stappmett også passande. Kva tid er tida for spekemat? I Norge er spekemat ei vare som er tidlaus, altså at den passar til kvar ei anledning. 

Smaksglede som inspirasjonskanal for lokal mat- og drikke i Coop Nordvest sin region, presenterer fleire fantastiske og flinke lokale produsentar innan norsk spekemat, der i blant: 

Kandal Kjøt, Ringdal, Inderøy Slakteri, SolundMat, Generasjonsmat, Rørosmat, KystVilt og Roald Kjøtt.

T.o.m 30.05 kan du få gode spekeprodukt frå Ringdal på kampanje. Tilbodet gjeld alle Coop Nordvest sine butikkar, med atterhald om feil og utselde varer. Utvalet kan variere frå butikk til butikk.