Stort lokalmatutval for Hareid si befolkning!

Monja Arnesen Coop Nordvest Smaksglede

Monja Arnesen er ny ferskvare- og lokalmatansvarlig på Extra Hareid, og ho er i full sving med opning av ny butikk når vi ringer ho for å høyre korleis det går. I dag får vi også treffe Ronny Sørbotten, marknadssjef for Coop Nordvest, som er tilstades for å hjelpe til med opninga som tek plass torsdag 4. mars. 

“Lokalmatavdelinga er eit heilt nytt område for meg i butikken, og det er veldig spennande! Kundane kan forvente eit mykje større utvalg av lokale produkt på Extra, enn det dei hadde før!”

Monja er heilt ny i stillinga si som lokalmatansvarleg, og ho gler seg til opning. Sjølv om det er nytt ansvar i ny avdeling, er ikkje dette ukjent for Monja. Ho har vore i Coop Nordvest både som butikkmedarbeidar og assisterande butikksjef, sidan 2013. No er ho ivrig etter å få ta fatt på dei nye arbeidsoppgåvene sine, og gler seg til å ønske kundane velkomen inn i ny butikk og ny avdeling. Kundane vil få eit større utvalg av lokalmat, noko som dei aller fleste er meir og meir opptatt av. Fleire og fleire, særleg ungdomar, er i dag opptatt av kvar maten kjem i frå, fortel Monja. Og med så mykje gode lokalprodukt i regionen, som er laga på oppskrifter som har gått gjennom fleire generasjonar, er det viktig at kundane enkelt kan få tilgang til dette i endå ein Coop Nordvest-butikk! 

Monja viser stor entusiasme når ho skal fortelle om dei ulike produsentane dei skal ha i avdelinga. Ho nevner blant anna Stolte Anton, som kun nyttar lokale ressursar under sin produksjon. Til dømes nyttar dei restar frå ølproduksjon som gjødsel. Vedsidan av smaksrike syltetøy og marmelade, lagar dei chutney av både plomme og raudbeter. Eit populært tilbehøyr både til ost og kjeks, middag og på brødskjeva! 

Storfjord Iskrem er også flinke på å nytte lokale råvarer i sin produksjon av iskrem av geitemelk. Dei nyttar blant anna bær frå Valldal og sjokolade frå Geiranger.

Vidare sørover langs fylkesgrensa har dei saft og syltetøy frå Påldtun på Sandane. Det er veldig kjekt å kunne få fleire produkt frå andre delar av regionen tilgjengeleg i butikken, seier ho. Andre kjente merkevarer som vil vere tilgjengeleg, er havrekjeks frå Bakar Jon og kveite frå Glitne! Utover mot våren vil dei også ha inn laks frå Hofseth.  

“Vi kjem til å få inn mykje spennande og gode produkt i avdelinga, det er berre så synd at vi ikkje får ha smaksprøver!” seier Monja og ler.

Monja ser fram til den tida produsentane kan ta opp igjen demo og stands, slik at kundane kan få smakebitar av dei ulike produkta. I mellomtida ønsker ho å hjelpe med å svare på spørsmål og kome med tips til kundar om produkta og produsentane, og ønsker velkomen til ny lokalmatavdeling og Extra-butikk på Hareid!