Storkvikne Gård

Sau eller høne?

Storkvikne Gård er ein av 14 eggprodusenter i Orkland. Rune Kvikne tok over familiegården i Orkland i 2004, som då hadde vore utan drift sidan 1994. Rune og kona Inger-Lise har alltid ønska å kunne jobbe på gården fulltid, og spekulerte lenge i kva slags form for produksjon dei skulle byrje med. Rune var avløysar til blant annet ein eggprodusent og likte denne produksjonen godt. Inger-Lise sjølv ønska seg sau, så dei var ei stund ueinige om kva retning dei skulle gå, men denne gongen var det Rune som vant diskusjonen, og frittgåande eggproduksjon blei satt i gong. Dei har no produsert egg sidan 2011, og solgt lokale egg til venner, naboar og forbipasserande kunder.

Ingen lokale egg i butikkane 

I 2018 blei det storsatsing i Orkland (den gongen Orkdal) på lokale matvarer. Egg frå lokale produsentar har ikkje vore tilgjengeleg i daglegvarebutikkane, og det har vore mykje frustrasjon over dette.

“Vi har lenge tenkt på å selge våre lokale egg til butikkane, men på grunn av strenge krav til egg i lukka emballasje blei det berre med tanken” seier Inger-Lise.

Gjennom Inger-Lise og Rune sin rådgjevar Jan Arild Sletvold i Næringshagen i Orkdalsregionen, kom dei i kontakt med Coop Nordvest.

“I vårt første møte med Olav Jermstad i Coop Nordvest blei vi opplyst om at Storkvikne Gård var blitt lagt merke til. Jermstad var særs positiv til vårt produkt, og Coop Nordvest ønska seg lokale egg i butikkane sine” fortel Inger-Lise.

Med tanke på investeringar og økonomien har Inger-Lise og Rune vore nølande til å gå inn i ein slik avtale, men etter å ha gjort eit grundig reknestykke såg dei at det ville lønne seg. Og så kan alle få tilgong på lokale egg! Ein avtale med Coop Nordvest blei signert før jula 2019, og planen var å vere i butikk til påske. Dessverre, som fleire, blei også Storkvikne Gård påverka av pandemien, og salg i butikk måtte vente til sommaren.

Ein draum i oppfylling 

“Eit samarbeid med Coop Nordvest betyr alt for oss!” seier Inger-Lise.

Med hjelp av Coop Nordvest har Inger-Lise og Rune oppnådd sin draum og sitt mål: Å kunne jobbe på familiegarden på fulltid ved å levere lokale produkt til butikkane. Det å kunne levere kortreist mat bidrar til lokal verdiskaping, noko som Coop Nordvest ønsker å styrke i samfunnet.

“Vi er så utruleg takknemleg og glad for at vi valgte å gå inn i eit samarbeid!” avsluttar Inger-Lise.

Egg frå frittgåande trønderhøner kan du få i følgande Coop Nordvestbutikkar: 

Coop Pris Lensvik
Coop Marked Nybø
Coop Marked Storås
Coop Mega Orkanger
Extra Børsa
Extra Fannrem 
Extra Løkkenverk