Spekematen – ei, historisk sett, naudsynt råvare

smaksglede-ringdal

Våren kjem som eit friskt pust for alle oss i Noreg. Det blir lysare tider og fleire festlegheiter å glede seg til. Spekeskinke, mørpølse, eggerøre, røykelaks, potetsalat og fenalår er blant matfavorittane i vårsesongen og ikkje minst 17. mai! 

Naudsynt for å overleve

Flotte fjordar og majestetiske fjell har satt sine spor i matkulturen på Vestlandet. Vekstsesongen er kort og fordrar at ein måtte sørge for at ein kunne lagre råvarane i lengre tid. Spekemat har sitt opphav frå prinsippet om lang lagringstid for mat. I dag er spekemat regna som ei delikatesse, men før i tida var denne typen konservering naudsynt for å kunne overleve. 

Lenge leve tradisjonen

I Coop Nordvest sitt sortiment for lokalmat har vi fleire lokale produsentar av spekemat. Desse produsentane har som lidenskap å ta vare på den tradisjonelle matkulturen og produksjonen, samt å styrke lokalmatmiljøet, i tråd med Coop Nordvest sine verdiar. Gjennom fokus på lokale produsentar framhever ein den lokale forankringa og stoltheita i produksjon av lokalmaten, som er basert på fleire generasjonar sine tradisjonar og erfaring. 

Ringdal, Kandal kjøtt, Inderøymat, Generasjonsmat frå Voss, Rørosmat, SolundMat, Kystvilt, DalPro og Galåvolden er alle lokale produsentar av spekemat.

Dei lokale produsentane er å finne i Coop Nordvest-butikkar i sitt geografisk avgrensa område. Dette forsterkar fokuset på at produktet er lokalt og kortreist.