3 lokalmattips kvar veke
Velkomen til Smaksglede sin serie 3 Lokale, som kvar veke vil presentere 3 lokalmatskattar som du finn i alle eller utvalde Coop Nordvest-butikkar. Her er denne vekas smaksopplevingar.


Colombia Sognefjord Kaffibrenneri
Kvifor?
Kva med å våkne til ordentleg kaffesmak av handtverkskvalitet om morgonen? Det duftar av jordbær, og ettersmaken med hint av kakao.
Kvaliteten er så god, og det gjenspeglar seg ikkje berre på smak, men Sognefjord Kaffibrenneri er eit av seks kaffibrenneri som er kvalifisert til NM 2020! Det er ikkje værst.


Kvitlaukspølse frå Kandal
Dei lokale produsentane er særs gode på smak! Derfor kallar vi det for smaksglede! Spekemat smakar mykje, men har du smakt kvitlaukspølse frå Kandal kjøtt? Stabburstørka pølse av geit og litt svin, med god smak av kvitlauk passar godt til å maule åleine, ete på skiva og ta med seg på tur.


Storfjord iskrem med smak av brunost
Denne unike iskremen frå Storfjord er laga av geitemelk. Gründer Silje Lee Knutsen sørger for å alltid bruke lokale råvarer frå lokale produsentar i dei ulike smakane i iskremen. Ein betre kombinasjon av norske råvarar i eit slikt favorittprodukt får du ikkje!