Smaken av påske finn du på Bakar Jon

bakar jon påske

Og så vart det påske, som eit flott pusterom i hektiske kvardagar. I år er påska sein, så vi kan håpe på varme, solrike dagar, saman med kvite toppar og ski for dei som ønskjer.

Og det er ikkje berre vårsola vi skal nyte: I påska har vi tid til å lage ekstra gode måltid, som lår av lam og andre herlige middagar. Best av alt? Seine frukostar og lange lunsjar, der vi diskar opp med alt det beste på bordet.

Bakar Jon: Navet for lokal mat

Du treng ikkje reise langt for store opplevingar: Det ventar eit slik på Byrkjelo: Bakar Jon,  Coop Nordvest sin spesialbutikk for lokalmat, med eige bakeri og kafé. Eit naturlig mål, anten du er på påskeutfart eller berre på jakt etter god mat. 

– Vi ligg i eit «vegkryss», så den typiske kunden er tilreisande, seier bakar Hilde Fjellestad, som er tidlig oppe kvar dag for å sikre at hyllene bognar av ferske brød, bollar og bakevarer, som rasar ut av hyllene like fort som dei blir lagt ut.

 

Den naturlege stoppestaden mellom Ålesund og Bergen

Magne Hauge styrer lokalmaten på Bakar Jon. og kan by på varer frå 150-160 produsentar av lokal mat og drikke.

– Når det gjeld salet av lokalmatprodukt generelt er trenden enkel: Etterspørselen aukar, og det kjem stadig til fleire salskanalar. «Alle» vil ha slike produkt, og vi er flott plassert som ein naturlig stogg langs E39 mellom Ålesund og Bergen, så det er mykje framandfolk innom, slår han fast. 
Det same merkar kafeen. 

– Vi har mykje stamgjester, blant dei som reiser forbi her. Vi har blitt ein fast stoggestad for mange reisande frå Bergen/Møre, som tek matpause her. Nordfjord har vore ein «vinnar» i turisme dei siste åra, og det merkar vi. Folk byrja også helga tidligare, så på onsdag/torsdag byrjar det å ta seg opp, seier Solgunn Sårheim Brakestad, dagleg leiar på Bakar Jon og ein del av teamet på kafeen.

Bur seg på storinnrykk i påska

År for år legg stadig fleire turen innom for å «snope» lokalmat, ferske brød, freistande bollar, knekkebrød, kjeks, spekemat og andre godsaker. Og i høgtidene dreg deg seg ekstra til.

– Påska er ei stor veke her, så veka før påska er hektisk her: Då står vi på og prøvar å lage opp rikeleg av den typen produkt som står seg: Havrekjeks, knekkebrød, påskekaker, kransekakestenger og slike ting. Når påskeveka kjem, så har vi meir enn nok med baksten på natta, for å sikre at folk får ferske brød, rundstykke, bollar og slike ting, seier ho.
– I påska er det kaotisk i butikken, samtykker Magne.
– Då er det mykje folk og turistar innom, så det er ei kjekk tid for oss. 

Påske – Tid for litt ekstra kos

Hilde fortel om ein påsketrend dei merkar godt på bakeriet. 

– I høgtider koser folk seg litt ekstra: Finare og søte deigar, og mindre grove brød. Folk vil ha brillebollar, skillingsbollar og slike ting. I sjølve påskeveka lagar vi varer som vi elles berre har i helger: Surdeigsbrød, kastanjebrød, Foccacia, samt Vørtebrød, som vi elles berre lagar til jul. Desse varene går det unna av, seier ho og fortel at ho også kosar seg litt ekstra i påska.
– I påska må eg heim til mor og få skikkeleg heimelaga mat på bordet. Noko eg elles ikkje er så flink til. Søstera mi er kokk, men ho må også innom mor i påska. Vi vaks opp på gard, med sau og gris, så det er mykje gode råvarer å ta av, seier ho og deler kva ho ser mest fram til.

– Påskefrukosten! Frukosten er ekstra kjekk når ein kan unne seg litt ekstra, og dekke bordet med spekemat, eggerøre og anna godt pålegg, og ha ein rolig morgon, seier ho.

– Og då er vel tipset å byrje førebuingane med å legge turen innom Bakar Jon?

– Der finn du i alle fall mykje godt, smilar ho.

Velkomen inn, og ha ei riktig god påske!

påske hos bakar jon på byrkjelo