Skitnesøndag og skjeltesøndag

Har du høyrt om skjeltesøndag og skitnesøndag? Skitnesøndag er ein tradisjonsrik søndag frå gamalt av, der siste søndag i advent var til for å gjere siste  “finish” på juleførebuingane. Det omfatta rydding og vasking, og arbeid som var forfalt på garden, noko som egentleg ikkje var tillatt på ein søndag. Dette var eit unntak søndagen før jul. Og du har vel høyrt at dei før i tida alltid brukte finstasen sin på søndagar? Men ein hadde gjerne berre eitt plagg til fint bruk, og det skulle ein jo sjølvsagt ha på seg på julafta! Finstasen måtte vaskast før jul, og derfor var det heilt i orden at ein akkurat denne søndagen, kunne ha på seg kvardagskle. 

Heile dagen gjekk til arbeid og vasking, og ein hadde gjerne ikkje anledning til å stå på kjøkkenet og lage mat store delar av dagen. Det var derfor viktig at middagen kunne “lage seg sjølv”.

Det var viktig å nytte heile dyret etter slakting, til og med hovudet på sauen. Ein åt gjerne smalahove frå starten av november, men det var nødvendig at ein hadde ete opp smalahovene før jul, skulle ein følge tradisjonane. Etter 4.søndag i advent var det kun julemat som gjaldt. Derfor blei det smalahove til middag på skitnesøndag! Smalahove kunne stå å putre i ei gryte i timesvis, utan at ein trengte å sjå til maten så ofte. Slik blei det til at 4. søndag i advent også blei kalla skjeltesøndag. 

Smalahove blir ofte servert med poteter og kålrabistappe. Skal du servere smalahove før jul?