3 lokalmattips kvar veke
Velkomen til Smaksglede sin serie 3 Lokale, som kvar veke vil presentere 3 lokalmatskattar som du finn i alle eller utvalde Coop Nordvest-butikkar. Her er denne vekas smaksopplevingar.
Signes raspeball
Kvifor?
I 1995 starta Signe Nydal å realisere draumen sin om å kunne levere heimelaga raspeball til butikkar og kafèar i Førdeområdet. No er Signes raspeball særs populære over heile landet. Gjennom mange års erfaring og produksjon av raspeball, har Signe funne dei aller beste potetsortane å lage raspeball ut av. Du kan også velge mellom raspeball med flesk i midten, eller utan.
Sotra laks
Kvifor?
Det som kjenneteiknar Sotra sin røykelaks er tradisjonell smak med moderne produksjon. Dette har dei vunne pris for i NM i røykelaks og gravet laks i Trondheim, fleire gonger.
Ringdalmør, kokt
Kvifor?
Er det noko som ligg Sunnmøringane nært hjarte så er det mørpølse! Den populære Ringdalmøren passar til både julemiddagen og raspeballmiddagen, og ein enklare middag med potetstappe og sennep! Ringdalmør er kanskje frå Sunnmøre, men heile Norge kjenner til smaken.