Rein luksus til rimelige priser

Smaksglede.no - livilt

Historia om Li-Vilt er historia om eit foredlingsselskap som sidan oppstarten har gått mot straumen – og det med stor suksess. No er reinskjøtet å finne i hyllene til Coop Nordvest.

Det er i den vesle fjellkommunen Lierne, nord i Trøndelag, Li-Vilt er heimehøyrande. Kommunen er omkransa av dei tre nasjonalparkane Børgefjell, Lierne og Skjækerfjella, og det er dette som i stor grad også er arbeidsområdet til Li-Vilt. Reinsdyrkjøt, som er hovudproduktet til Li-Vilt, er kjent for å ha ein spesiell viltsmak prega av beitemarker fylt av lav, urter og lyng. Og det er frå desse mektige fjella Li-Vilt hentar det meste av råstoffet sitt – rett frå naturen.

Minskar stresset

I ein industri der norma er at dyra blir lasta opp på lastebilar og blir køyrd til slakteriet, har Li-Vilt snudd om på prosessen. Dei køyrer ut til samlingsplassane til reinen og slakter reinen der. Med denne driftsmodellen unngår reineigarane å frakte dyra over lange avstandar og minskar med det stresset for dyra i slakteprosessen.

– Dette er ein dyrare slaktemodell, men vi meiner bevisst at kjøtet får ein betre kvalitet når dyra unngår stresset som lang reisevei gjerne fører med seg. Skulle vi tenkt reine kroner og ører hadde vi hatt eit stasjonert slakteri, men vi meiner at denne måten å drive på viser seg att i kvaliteten vi leverer, seier daglig leder Tor Arne Moen.

Produkt frå Li-Vilt

Like sunt som fisk

Selskapet, som i 2005 blei kjøpt opp av lokale reineigarar i Namdalen, har sidan den tid dobla omsetninga og lite tyder på at veksten vil stoppe der. For det er inga tvil om at det er et kvalitetsprodukt den heileigde samiske bedrifta leverer. Trass i at salet av elg, skogsfugl og ryper utgjer ein viktig del av Li-Vilts sortiment, er det reinsdyrkjøt som er berebjelken.

I ei tid der fleire prioriterer sunn og god kost får det magre reinkjøtt stadig betre kår i marknaden. For reinskjøt er like magert som kylling, samstundes som det innhald like mye omega-3 som torsk. Forsking har vist at reinsdyrkjøtt er sunnare enn mellom anna kjøt frå storfe og gris. Det er ikkje berre på grunn av det lave, sunne fettinnhaldet på berre 2 prosent. Kjøtet har også eit høgare innhald av vitaminer og mineraler. For der meir og meir av matproduksjonen blir prega av tronge båsar og effektiv drift, så har reinen store beiteområder med ein rik diett. Er dette året du skal ete meir reinskjøt?