Poteta – frå skremmande, til naudsynt, til nøytral

Den flinke norske poteta

Nordmenn elskar potet. Vår kjære potet, som blir brukt til så mangt. Vi anvender til og med skildringa “å vere ei potet”: Den kollegaen som er fleksibel, stiller opp og gjer fleire ulike arbeidsoppgåver. Vi har mange positive assosiasjonar til poteta. Slik har det ikkje alltid vore. 

“Minna om det spedalske”

Poteta er ei “eksotisk latina”, og kjem opprinneleg frå Sør-Amerika. På grunn av utsjånaden til poteta, var det mange som frykta ho, stakkar. Ho såg skummel ut, med sine “utstikkara”, og nokon meinte at desse utstikkarane minna om ei spedalsk sine armar. Ingen torde å ete noko som minna om ein sjukdom. 

Napoleonskrigen og hungersnaud

Då Napoleonskrigen herja, var Noreg, som resten av Europa, prega av hungersnaud. Kosthaldet i Noreg var kornbasert. Import av korn blei stoppa, og kornavlingane vart øydelagd grunna krigen. Poteta, med sine meir robuste eigenskapar, var lettare å dyrke. Dette sette fart på potetdyrkinga, særleg på Vestlandet og i fjellområder, der det var utfordrande å dyrke kornavlingar.   

Viktig substitutt

Ein fann fort ut at ein kunne erstatte korn med potet, og ein laga no lefse og flatbrød ut av ho. Poteta kunne ein også fôre til grisen, slik at drøvtyggarane fekk ha graset i fred. På denne måten auka også kjøttproduksjonen. 

Ein skulle no ikkje tru det av å sjå på ho, men poteta har, gjennom historia, sett i gong vesentleg naudsynte ringverknadar.

Poteta kan ein bruke til så mangt, og vi har fleire gode oppskrifter på Smaksglede som viser dette. Fekk du òg lyst på potetsalat no? Eller baktpotet?

Visste du at Lærdal er den første staden i Noreg som byrja å dyrke potet? No er det sesong for poteta, og Lærdal Grønt stiller med fleire potetsortar. Poteter frå Lærdal Grønt kan du få kjøpt på følgande Coop Nordvest-butikkar:

Extra Dale

Extra Florø

Extra Førde

Extra Høyanger

Extra Kaupanger

Extra Lærdal

Extra Naustdal

Extra Sogndal

Extra Øvre Årdal

Mega Førde 

Marked Askvoll

Marked Brekke

Marked Florø

Marked Fortun

Marked Fresvik

Marked Reed

Marked Skjolden

Marked Vadheim 

Marked Vassenden

Prix Balestrand

Prix Byrkjelo

Prix Gaupne 

Prix Hermansverk

Prix Svelgen