Det er dessverre store mengder mat som går til spille kvart år, og frukt og grønt er det som er mest utsatt. Sjølv om produkta ikkje er heilt nye, kan det nyttast til mykje godt for det. Til dømes: Er det rotvekst og mørke flekkar på potetene, kan du berre skjære det vekk. Så lenge potetene ikkje er utsatt for sollys, og blir grøne, kan dei nyttast som vanleg!
Har du mykje potetrestar igjen? Her har du fleire gode tips til korleis nytte dei:
(Artikkel held fram under bilete)
Tradisjonell slager: PYTT-I-PANNE
Poteta spelar hovudrolla i denne stjernespekka retten, der ulike grønsaker og kjøtprodukt er poteta sine viktige “side kicks”. Pytt i panne eksisterer både i Sverige, Finland og Danmark, der ho går under namna “pyttipanna”, “pyttipannu” og “biksemad”. Pytt-i-panne er den perfekte restematretten, og så smakar det kjempegodt! Poteter, løk og kjøt er hovudkomponentane, men nytt gjerne alt du finn i kjøleskapet! Klikk her for oppskrift.
Karamelliserte poteter – tradisjonelt i Danmark og på Island
Vi har forhørt oss rundt, og kome fram til at karamellisete poteter ikkje er så tradisjonelt hos oss nordmenn. Vil du likevel prøve noko nytt, og la deg inspirere av andre kulturar sine mattradisjonar, passar karamelliserte poteter meget godt til kjøtrettar, som til dømes svinesteik eller and! Du har vel smakt karamellisert løk? Vi er innanfor same kategori. Prøv noko nytt! Klikk her for oppskrift.
Spicy chillipoteter – poteter med futt i
Vi elskar jo den tradisjonelle kokte poteta, men er du klar for nye smakar passar denne oppskrifta godt saman med både biff og kveitefileten! Denne spennande oppskrifta kan du finne her.
Sprøsteikt potetskrell – nytt heile poteta!
OBS OBS! Har du smakt sprøsteikt potetskall? Bruk det som topping på salat eller potetmos, evt. som snacks med ein god salsadipp! Berre pass på å skjære av skallet med kniv, slik at skallet blir ca. 1 cm. tjukt. Fritysteik dei i rapsolje til dei blir sprø.
(Artikkel held fram under bilete.)
Er du glad i bakt potet kan du finne tre gode oppskrifter her: Med parmesan og fennikelsalami, fetaost og soltørka tomater, samt bacon og cheddarost. Blant meir tradisjonelle oppskrifter kan du finne ulike typar potetsalat, både med og utan fransk vri, suppe og med blåmuggost!
Følg Smaksglede på Facebook og Instagram for å halde deg oppdatert på gode oppskrifter.