Print Options:

Varmrøykt Svanøylaks med krema tagliatelle

Har du lyst på ein velsmakande middag som er lett å lage og ikkje krev mykje tid? Her er oppskrifta på ein sunn rett med kortreist lokalmat frå Svanøy til fire personar.

 400 gr Varmrøykt Svanøylaks
 300 gr tagliatelle
 3 dl fløte
 ½ bunt vårløk
 2 stk middels store sjalottløk
 revet skall av ein halv sitron
 saft frå ein halv sitron
 2 ss olivenolje
 250 gr erter
 Salt og pepar
1

Finkutt sjalottlauken, surres i olivenoljen. Tilsett fløte. Gi dette eit oppkok og reduser til ca 2 dl. Tilsett deretter sitronsaft, sitronskall, erter og vårløk. Smak til sausen med salt og pepar.

2

Kok ferdig pastaen, sil av og vend inn den ferdiglagde sausen.

3

Toppes med flaka Varmrøykt Svanøylaks.