Varmrøykt laks på tur

smaksglede svanøylaks

Vi regnar med du skal på tur i sommar, og her har du ei fin oppskrift på turmat. Oppskrifta er frå Svanøy Røykeri, og er enkel å pakke med seg på tur. I tillegg inneheld den mykje gode råvarer!

 600 gram varmrøykt Svanøylaks
 400 gram småpoteter
 1 dl yoghurt naturell
 ½ bunt vårløk
 1 stk stor fennikkel
 1 stk syrleg eple
 4 ss sitronsaft
 2 ss sukker
1

Kok småpotetene i lettsalta vatn til dei er møre (ca. 20-25 minuttar). Damp av vatnet godt etter koking. Avkjøl potetene og kutt dei i skiver.

2

Kutt vårløk, og vend inn yoghurt og vårløk i potetene. Smak til med salt og pepper.

3

Kutt fennikkelen i to og ta ut stammen. Finsnitt med ein skarp kokkekniv, eller ein mandolin.

4

Kutt eple i fyrstikktynne strimlar.

5

Bland saman sukker og sitronsaft til det er løyst opp.

6

Bland saman fennikkel, eple og sitrusjuicen, og la det marinere i ca. 5 minuttar.

7

Del laksen i porsjonbitar.

Ingredients

 600 gram varmrøykt Svanøylaks
 400 gram småpoteter
 1 dl yoghurt naturell
 ½ bunt vårløk
 1 stk stor fennikkel
 1 stk syrleg eple
 4 ss sitronsaft
 2 ss sukker

Directions