Varm røykelaks med asparges

Varm røykelaks med asparges

Ein perfekt forrett - med varm røykelaks frå Svanøy Røykeri har du den perfekte lovnaden for eit herremåltid.

 70-80 g røykelaks pr. pers.
 3-4 asparges pr. pers.
 1 god "klype" sommarkål
Hollandaise enkel variant
 75 g mjukt/romtemperert meierismør
 1 dl kremfløyte
 2 eggeplommer
 sitronsaft
 salt og pepar
 
1

Skjer røykelaksen i passande porsjonsstykker og steik i omnen på ca 70-80 grader i 15-20 minutt. Den er ferdig når den byrjar å flake seg.

2

Forvell asparges i kokande saltvatn i ca 1-2 minutt, avhengig av størrelse.

3

Sommarkålen finsnittast og svisjast raskt i varm panne med smør. Smak til med salt og pepar, og strø over litt finhakka graslauk.

Hollandaise enkel variant
4

Ha alle ingrediensane i ei kjele, og varm opp under konstant røring/pisking. Når sausen vert varm (litt før kokepunkt), tjuknar den til passe konsistens. Det er viktig at det ikkje kokar, då skil sausen seg.

5

Smak til med sitron, salt og pepar.

Ingrediensar

 70-80 g røykelaks pr. pers.
 3-4 asparges pr. pers.
 1 god "klype" sommarkål
Hollandaise enkel variant
 75 g mjukt/romtemperert meierismør
 1 dl kremfløyte
 2 eggeplommer
 sitronsaft
 salt og pepar

Slik gjer du