Print Options:

Tørre vaflar

I forbindelse med vaffeldagen slår Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik bak kokeboka Fjordamat eit slag for tørre vaflar. Denne oppskrifta frå kokeboka deira kjem frå Lavik i Høyanger. Dei tørre vaflane held seg mykje lengre enn vanlege vaflar og gjer seg godt til kaffien med brunost på eller som dessert med iskrem.

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

 750 g kveitemjøl
 250 g potetmjøl
 6 ts hjortesalt
 150 g sukker
 1 ts kardemomme
 250 g smør
 3 egg
 Om lag 6 dl mjølk
1

Sikt saman det tørre, smuldre i smøret. Ha i samanpiska egg og mjølk. Arbeid deigen så lite som råd er.

2

Bak deigen ut til leivar som passar til vaffeljernet. Steik vaflane lysebrune.
Server med brunost, rømme og godt syltetøy, eller prøv dei saman med iskrem.