Segna skal ha det til at retten tartar opprinneleg kom frå eit mongolsk stammefolk med same namn. Dei var kjent for å vere ein barbarisk nomadisk stamme. Dei hadde ikkje tid til å stoppe, så dei åt rått kjøtt som dei visstnok skal ha oppbevart under salen på hestane, for å gjere kjøttet mørt. Om denne segna er sann er det ingen som veit, men interessant er det i alle fall! Denne oppskrifta er frå Spiis godt med Arne Brimi, og passar for deg med sansen for rå fisk! Oppskrifta er beregna for 4 porsjonar.
Skjær fisken i passe store bitar, og raudlauken i fine ringar eller skiver
Sett fram fire tallerkenar og fordel litt laks på kvar tallerken. Legg på rogn, og deretter ei eggeplomme
Ha på raudlauken og eit godt dryss med nykverna pepper. Server gjerne litt seterrømme attåt!
Ingredients
Directions