Print Options:

Tradisjonell rømmegraut

Tradisjonell rømmegraut til kvardag og fest: feitetysdag, 17. mai eller etter slåtten? Uansett anledning, så passar det med denne fløyelsmjuke oppskrifta frå Jølster, frå kokeboka Fjordamat av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal. Oppskrifta er berekna for 10 porsjonar.

Ingrediensar:
 2 l rømme
 180 g kveitemjøl
 140 g semulegryn
 1,20 l mjølk
Slik gjer du:
1

Kok graut av mjøl og 90 g semulegryn.

2

Kok rømmen i 10 minutt.

3

Bland resten av grynet og kveitemjøl og dryss på rømmen under god røring. Kok til feittet kjem fram, og ta av så mykje feitt som ein vil ha av grauten. Bland semule- og rømmegrauten. Ha feitt på ved servering.

Tips!
4

Rømmegraut som er mykje spedd, får meir rømmesmak om ein har litt rømme nedi når grauten er ferdig.