Tradisjonell rømmegraut

Tradisjonell rømmegraut

Tradisjonell rømmegraut til kvardag og fest: feitetysdag, 17. mai eller etter slåtten? Uansett anledning, så passar det med denne fløyelsmjuke oppskrifta frå Jølster, frå kokeboka Fjordamat av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal. Oppskrifta er berekna for 10 porsjonar.

Ingrediensar:
 2 l rømme
 180 g kveitemjøl
 140 g semulegryn
 1,20 l mjølk
 
Slik gjer du:
1

Kok graut av mjøl og 90 g semulegryn.

2

Kok rømmen i 10 minutt.

3

Bland resten av grynet og kveitemjøl og dryss på rømmen under god røring. Kok til feittet kjem fram, og ta av så mykje feitt som ein vil ha av grauten. Bland semule- og rømmegrauten. Ha feitt på ved servering.

Tips!
4

Rømmegraut som er mykje spedd, får meir rømmesmak om ein har litt rømme nedi når grauten er ferdig.

Foto og oppskrift: Fjordamat

Fjordamat hos Coop Nordvest

Fjordamat av Åse Kongsvik og Kari Støfring er kokeboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet. Boka byggjer på oppskrifter samla inn av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag og inneheld over 340 tradisjonelle oppskrifter. Boka kan du kjøpe i følgjande Coop Nordvest-butikkar: 

  • Extra Florø
  • Extra Førde
  • Extra Lærdal
  • Extra Naustdal 
  • Extra Sogndal
  • Marked Askvoll
  • Marked Brekke
  • Prix Selje

Ingrediensar

Ingrediensar:
 2 l rømme
 180 g kveitemjøl
 140 g semulegryn
 1,20 l mjølk

Slik gjer du