Reinsdyrfilet

Reinsdyrfilet Smaksglede Coop Nordvest

Om hausten passar det seg med ein fantastisk god og mør reinsdyrfilet. Nydeleg, om ikkje betre, blir ho med denne viltkremsausen attåt! Denne oppskrifta er beregna 4 porsjonar og er frå SPiiS godt med Arne Brimi.

Du treng til reinsdyrfilet:
 800 g reinsdyr, reinskåret
 smør
 salt
Viltkremsaus:
 40 g tørka steinsopp
 6 sjalottlauk
 12 russiske erter
 3 dl vatn
 3 dl raudvin
 3 dl fløyte
 salt
 1 ss dijonsennep
 1 ts rognebærgele
 frisk spinat
Slik gjer du med reinsdyrfilet:
1

Smelt godt med smør i ei steikepanne. Panna skal ha god varme, men ikkje vere so varm at smøret blir brent.

2

Brun kjøttet fint på begge sider, og på litt salt.

3

Legg kjøttet i ein ildfast form og sett det i steikeovn på 225 grader. La det stå til kjøttet svulmar opp. Det tar ca. 6-8 minuttar.

4

Deretter, la kjøttet kvile på eit brett i 10 minuttar.

5

Rett før servering setter du kjøttet inn i ovnen igjen, og lar det stå rundt 5 minuttar. La det kvile litt før du skjærer det i passe tjukke stykker.

6

Server med smørsteikt sopp og spinat, og ein enkel viltkremsaus.

Slik gjer du for saus:
7

Del sjalottlauken i tynne skiver. Ha den i ei kjele saman med steinsopp og erter. Hell på vatn så det akkurat dekker.

8

Ha i raudvinen og kok opp. La det få koke inn til halvparten.

9

Tilsett fløyte, og kok inn til halvparten igjen.

10

Smak sausen til med litt salt, dijonseppep og rognebærgele. Legg ei neve med friske spinatblad før servering.

Ingredients

Du treng til reinsdyrfilet:
 800 g reinsdyr, reinskåret
 smør
 salt
Viltkremsaus:
 40 g tørka steinsopp
 6 sjalottlauk
 12 russiske erter
 3 dl vatn
 3 dl raudvin
 3 dl fløyte
 salt
 1 ss dijonsennep
 1 ts rognebærgele
 frisk spinat

Directions