Bakar Jon si prinsessekake

Bakar Jon si prinsessekake

Venter du besøk eller vil du berre ha noko å kose deg med til kaffien? Bakar Jon deler oppskrifta på den populære prinsessekaka si her. Prøv den gjerne saman med kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri som du finn hos Bakar Jon og i utvalde Coop Vest-butikkar.

Til deiga
 10 g salt
 450 g sukker
 400 g smelta smør
 200 g gjær
 2 egg
 1/2 ss kardemomme
 1,2 kg mjøl (tilpass til lett og luftig deig)
 1 l vatn
Til fyllet
 Bringebærsylte
 Sukker og kanel
Rett før steiking
 1 ts vaniljekrem på kvar bolle
Etter steiking
 Melis
 Vatn
 
1

Bland saman alt det tørre og tilset vatn med ein temperatur på ca. 26 grader. La deiga ligge å heve i ca. 20 min før du startar å jobbe med den.

2

Kna så deiga til den vert glatt og fin og slepp bollen (tilpass med mjøl etter behov).

3

Kjevl ut ein rektangulær leiv på bordet, smør på eit lag med bringbærsylte og strø over ei blanding av sukker og kanel.

4

Rull saman deiga til ei lang pølse og del opp i passlege store emner (som om du skulle laga skillingsbollar). Smør ei 26 cm bakeform og legg i emna : 1 bolle i midten og 7 rundt. La dei heve i 30 min.

5

Rett før steiking har du på 1 ts vaniljekrem på kvar bolle. Her kan du velje om du vil lage vaniljekremmen sjølv eller jukse litt med ferdig vaniljekrem frå butikken. Steik prinsessekaka i 20 - 25 min på 220 grader.

6

La den kjøle ned etter steiking før du har på melisglasur. Melisglasuren blander du ut ved å leggje melisen i ein liten bolle eller eit glass. Hell på kaldt vann til det så vidt går over melisen og la det stå eitt par minutter. Hell forsiktig ut det overflødige vatnet, og rør den jevn og glatt. Du kan gjerne tilsette eit par dråper med nøytral olje, til dømes solsikkeolje, for å gjere glasuren litt blankare.

7

Pynt kaka med melis og nyt!

Ingrediensar

Slik gjer du