Mosbøen Gård anbefaler denne herlege og lettvinte fiskesuppa saman med sine flatbrød med mild ramsløk. Oppskrifta er tilpassa 4 porsjonar.
Skrell og finhakk lauk og kvitlauk. Skjer to snitt oppover langsmed stangsellerien før du skjer den i skiver – slik at det blir bittesmå terningar. Ha dette i ein kasserolle saman med olivenolje og la det surre på medium varme i nokre minuttar.
I mellomtida skreller du potetene og gulrøtene. Del potetene i små terningar og gulrøtene i skiver. Ha dei i kasserollen og hell over vatn, mjølk og fond og la det koke opp. La det småkoke til potetterningane begynner å bli mjuke.
Del opp fisken i terningar og ha den i suppa. Ha også i creme fraich og kok opp igjen. La suppa vere akkurat på kokepunktet i 4-5 minuttar, til fisken er ferdig. Brukar du frossen fisk må du rekne med litt lenger tid.
Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Ver forsiktig med saltet ettersom fondet eller buljongen inneheld ein del salt.
Dryss over nokre timianblader og server med flatbrød mild ramsløk fra Mosbøen Gård.
Ingredients
Directions