Pannekaker med bacon og blåbærsyltetøy - ein av dei mest allsidige og poplulære matrettane i landet vårt. Prøv denne enkle oppskrifta med blåbærsyltetøy og bacon frå Ole Ringdal.
Bland mel og salt i ein stor bolle, og tilsett halvparten av mjølka. Rør til du har ei jamn røre.
Rør inn resten av mjølka saman med egga og det flytande smøret. Pass på at røra har ein mellomtjukk konsistens, dekk deretter til og la kvile i 30 minutt.
Bruk ei stor steikepanne, og ha i smør før du steiker pannekakene, ca. ein dl pr pannekake - alt etter kor tjukke du likar dei. Bruk middels høg varme, og justér temperatur etter kvart
Når røra er stivna på toppen er dei klare til å bli snudd.
Legg pannekakene på eit fat og dekk til med lokk eller eit klede for å behalde varmen
Servér med steikt bacon og blåbærsylte, og gjerne saman med ein tallerken ertesuppe. Vi har nytta bacon i terning frå Ole Ringdal som vi steikte i panne. Brukar du striper med bacon så kan du steike desse i ovnen på 180 gr i ca. 15-20 minutt.
Ingredients
Directions