Print Options:

Grunnlovsdessert – rabarbrakompott med eggekrem

Feir mai du skjønne milde med denne herlege grunnlovsdesserten - rabarbrakompott med eggekrem og eit lite mandeldryss frå kokeboka "Ta kaka" av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal.

 700 g rabarbra
 3 dl vatn
 200 g sukker
 1-1.5 ss potetmjøl
 litt vatn
 eggekrem/vaniljekrem
 kremfløyte
 hakka mandlar
1

Bruk sprø, gjerne raude rabarbra, delt i høvelege, om lag like tjukke stykke (fingertjukke, 3-4 cm lange).

2

Kok lake av sukker og vatn, kok rabarbraen i den, litt om gongen, så vidt møyr men heil. Legg stykka fint i skål eller på vase.

3

Sil sausen, ha han tilbake i gryta og kok han inn. Ha på jamning av potetmjøl og vatn.

4

Hell sausen over rabarbraen og la det bli kaldt.

5

Server med eggekrem/vaniljekrem rørd opp med litt fløytekrem og eit lite mandeldryss.