Grovt kveitebrød med produkt frå Mylnå

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Sunne og mettande brød er nødvendig for eit godt måltid! Denne oppskrifta på gode og grove brød er frå Volda El. Mylne og Bakeriet i Lom. Nyt nysteikte brød med ditt favorittpålegg!

Du treng:
 100 g kveitevals
 ¼ liter kokande vatn
 1 kg Mylnå sikta kveitemjøl
 150 g steinmalt kveitemjøl (sammalt, fint)
 5 g mørk sirup
 7 dl vatn
 ¼ liter kefir
 15 g gjær
 20 g salt
 25 g smør
Før du lagar deiga:
1

Bløytlegg 100g kveitevals 1 time før du lagar deiga

Etter 1 time:
2

Tilsett sikta kveitemjøl, steinmalt kveitemjøl, sirup, vatn og kefir ein bakebolle, og elt alt saman i 2-3 min. La deiga kvile i 30 min.

Deretter:
3

Tilsett salt, smør og gjær i deiga, og elt vidare i 10 min.

4

Legg deiga i ei mjøldekt bolle, dekk til med plastfolie. Legg deiga lunt og la heve til dobbelt storleik.

5

Del deiga i 3 like store emner, legg dei på eit mjøldekt underlag, og form dei runde. La dei heve til dobbelt storleik.

6

Ta opp brøda, og legg dei i smurte former. Strø på med mjøl og lag 4-5 snittar i kvart brød.

7

Dekk til med plastfolie, la dei stå lunt og heve ytterlegare til dobbelt storleik.

8

Forvarm ovn til 220 grader. Sett brøda i ovnen, og ha i 0,5 dl varmt vatn i botnen og lat at ovnsdøra, slik at det fordampar.

9

Etter 5 min, skru ned varmen til 180 grader, og steik brøda vidare i 40 min.

10

Ta ut brøda frå forma, og avkjøl på rist.

Ingredients

Directions