Grillbein frå Haugen Gardsmat

grill grilltips lokalmat grillen grillbein oppskrift oppskrifter grilloppskrift grilloppskrifter haugen gardsmat

Haugen Gardsmat i Flåm produserer mat tufta på tradisjon og kvalitet i samspel med naturen kring seg. Og spesielt eit av produkta deira bør du unne deg på grillen i sommar – Våre grillbein frå Sogn, seier Odd Ohnstad og smiler.

 1 pk Grillbein frå Sogn - Haugen Gardsmat
1

– Det som er viktig når du skal grille desse er at du brukar direkte og ganske høg varme, slik at dei får ei tørr, fin steikeflate. Det er ikkje noko katastrofe om grillbeina blir litt svidde i kantane. Vi tørrmarinerer med ein rubb som har brunt sukker. Det har, i kombinasjon med høg varme, lett for å svi. Dei skal ikkje vere svartsvidde, men litt brent gir fin smakstilførsel, seier han og held fram.
– Når ein har oppnådd steikeskorpa kan ein, om ein har lyst, bruke ein glacé å pensle dei med. Her vel ein sjølv om ein vil kjøpe, og det finnast mange gode alternativ, eller om ein vil lage sjølv, seier han og deler ei superenkel oppskrift frå eige hovud.

– Bland to delar ketsjup, ein halv del sennep, litt honning, ein dæsj med god eddik, gjerne raudvinseddik, og 8 cl med sterk, sterk kaffi. Her kan ein til dømes blande ei barneskei med Instant-kaffi og akkurat nok vatn til at det flyt, og tilsette dette. Så står det berre at å røre rundt, så har du ein kjempeflott barbecue-saus som ein smakar til med brunt/kvitt sukker.

---

Om du vil ha ekstra møre og gode grillbein, kan du la det førehandssteike i steikeovn, pakka i folie, i 45 minutt på 180 grader før du varmar grillen.

Ingredients

 1 pk Grillbein frå Sogn - Haugen Gardsmat

Directions