Print Options:

Grilla klippfisk

Førebuing1 time

For deg som held grillen i drift året rundt - grilla klippfisk frå SolundMat er ei fantastisk smaksoppleving.

Klippfisk frå SolundMat - Lokalmat Oppskrifter frå Coop Vest Smaksglede

 700 g utvatna klippfisk (utvatning sjå pakke)
 olivenolje til pensling
 3 fedd finhakka kvitlauk
 3 ss olivenolje
 nykverna peppar
 1 tapenade
 frisk koriander
 1 stor aubergine eller tilsvarande mengde små
 1 stort fedd kvitlauk
 3 ss olivenolje
 timian
 salt og pepar
Steikt aubergine
1

Skjer auberginen i terningar og fres den saman med ca 2 fedd finhakka kvitlauk. Steik på middels varme til dei er godt stekt og litt sprø. Smak til med salt og pepar.

Klippfisk
2

Det er viktig at klippfisken som du skal grille er godt utvatna, minst to-tre døgn.

3

Skjer fisken i serveringsstykker. Pensle stykkene med olivenolje og legg dei rett på grillen. Steik nokon minuttar på kvar side til fint grilla.

4

Varm opp 3 ss olivenolje i ei panne. Tilsett resten av kvitlauken og surr den lett. Hell oljen over klippfisken, dryss over nykverna pepar, og eventuelt salt avhengig av kor godt du har vatna ut fisken.

Servering
5

Server den grilla klippfisken med aubergine, tapenade og gjerne ovnsbakte cherrytomater og stekte potetskiver. Pynt med frisk koriander.