Fjord Urteburger med salat og focaccia

Fjord Urteburger med salat og focaccia

Fjord Urteburger frå Fjord Gardsmat med salat og foccacia er eit forfriskande måltid som luktar og smakar av sydlegare strøk. Server den med heimelaga focaccia som du får oppskrift på her eller ta snarvegen med ferdiglaga focaccia frå butikken.

Fjord Urteburger
 1 Fjord Urteburger pr. person
Focaccia
 3 -5 ms finhakka ferske oregano
 1 -2 ms finhakka ferske salvie
 1 -2 ms finhakka fersk rosmarin
 1 -3 fedd knust/most fersk kvitlauk
 1 -3 ts maldonsalt
 5 -10+ stk kutta svarte/grøne oliven
 5 -8 dl kveitemjøl
 ½ -1 pk tørrgjær
 1 -2 dl ekstra virgin olivenolje
 3 -5 dl lunka vatn
Kesamdressing
 1 boks Kesam
 1 -2 fedd knust/most kvitlauk
 2 -3 ms fersk basilikum
 3 -4 ms olivenolje
Salat
 Crispisalat
 Tomater
 Paprika
 Agurk
 Rå lauk
 Fersk basilikum og/eller oregano
 Olivenolje, Maldonsalt og pepar
 
Focaccia
1

Start med å lage brødet 2-3 timar før servering. Bland saman olje, urter, kvitlauk og halvparten av saltet. La det stå i minst 30 minutt, men helst lenger. Lag det gjerne dagen før. OBS! Dersom du må byte ut ferske urter til tørka urter, må du bytte ut matskei (ms) med teskei (ts) i oppskrifta.

2

Bland saman mjøl, ¼ av saltet og tørrgjær. Ha så i 2 dl vatn, olje med urter og kutta oliven. Ha i meir vatn etter behov slik at deiga vert mjuk og tjukt rennande.

3

Smør ei steikjeform med litt margarin, tøm deiga oppi denne, sprei ho utover i
forma. Dryp litt olivenolje utover og strø Maldonsalt på toppen. La deiga heve ein
time (helst lenger).

4

Varm opp ovnen til ca 210 grader. Set forma forsiktig inn i varm omn. Steik i 15 – 25 minutt. Når brødet har ei lys brun overflate, kan du sjekke om brødet er ferdig ved å stikke ei fyrstikk ned i midten. Dersom det ikkje heng deig på fyrstikka, er brødet ferdig. La det kvile, dekk det til med tørkle i 20 minutt før servering. Del brødet i passelege bitar og legg dei i ei serveringsskål med serviettar i botnen som trekkjer til seg olje og fukt.

Kesamdressing
5

Bland alt saman i ei passeleg skål. La dressingen stå og godgjere seg i minst 30 minutt før servering.

Salat
6

Kutt ingrediensane opp i passelege bitar, bland alt i saman i ei skål. Ha nokre heile blad av basilikum, eller oregano på toppen. Tøm 1-3 ms god ekstra virgin olivenolje over salaten. Dryss på med ½ ts Maldonsalt, eller liknande og litt nykverna svart pepar. Auk mengde olivenolje, salt og pepar alt etter kor stor salaten vert.

Fjord Urteburger
7

For å få eit best mogeleg smakfullt resultat, vil vi føreslå at du dampsteikjer burgeren. Ha litt vatn i steikjepanna og steik burgeren under lok i nokre minutt på kvar side på medium varme. Fyll på med litt vatn i panna etterkvart som det dampar vekk. Burgeren bør vere steikt heilt i gjennom.

Servering
8

Dander alt og server som tallerkenrett, eller dekk bordet og la folk forsyne seg
sjølve. Drikke til maten vil vere iskaldt vatn, ein kald og frisk økologisk kvitvin, ein
sommarleg raudvin, eller iskaldt lyst øl.

Ingrediensar

Fjord Urteburger
 1 Fjord Urteburger pr. person
Focaccia
 3 -5 ms finhakka ferske oregano
 1 -2 ms finhakka ferske salvie
 1 -2 ms finhakka fersk rosmarin
 1 -3 fedd knust/most fersk kvitlauk
 1 -3 ts maldonsalt
 5 -10+ stk kutta svarte/grøne oliven
 5 -8 dl kveitemjøl
 ½ -1 pk tørrgjær
 1 -2 dl ekstra virgin olivenolje
 3 -5 dl lunka vatn
Kesamdressing
 1 boks Kesam
 1 -2 fedd knust/most kvitlauk
 2 -3 ms fersk basilikum
 3 -4 ms olivenolje
Salat
 Crispisalat
 Tomater
 Paprika
 Agurk
 Rå lauk
 Fersk basilikum og/eller oregano
 Olivenolje, Maldonsalt og pepar

Slik gjer du