Print Options:

Fiskelefse med røykelaks frå Ferske Smakar og Svanøy Røykeri

Fiskelefse frå Ferske Smakar og Røykelaks frå Svanøy Røykeri vert til ein enkel og smakfull rett som passar i mange ulike settingar. Til dømes som tapas når ein inviterer til fest, som kveldsnacks når ein skal kose seg litt ekstra eller som nistemat på tur.

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

 1 pk. Fiskelefse frå Ferske Smakar (i utvalde Coop Vest-butikkar)
 200 -300 g Røykelaks frå Svanøy Røkeri (i utvalde Coop Vest-butikkar)
 1 boks kremost naturelle, eller anna kremost
 Ruccola salat
1

Smør kremosten på lefsene, skjer røykelaksen i tynne skiver og fordel utover.

2

Legg litt salat i ei stripe på midten, og rull saman.

3

Ein kan godt lage dei i god tid før servering. Her er det mange måter å anrette dei på. Du kan enten dele dei i to og servere saman med ein frisk blanda salat, eller du kan skjere dei på skrått i skiver (ca. 2 cm tjukke) og servere dei som fingermat eller kveldssnacks. Du kan også pakke ein og ein rull i folie, perfekt som nistemat på tur!