Fiskekaker

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Det finnast fleire måtar å lage fiskekaker på, basert på tradisjon og råvarer. Her har du ei smakfull oppskrift på heimelaga friskekaker frå SPiiS godt med Arne Brimi, med hyse som hovudingrediens. Heimelaga fiskekaker med godt tilbehøyr slår aldri feil! Oppskrifta er beregna 4 porsjonar.

Du treng:
 500 g filet av hyse (sei og torsk kan også nyttast)
 2 ts salt
 1,50 ss kveitemjøl
 1 egg
 0,50 kvit pepper
 4 dl melk (eller fløyte)
 1 ts sitronsaft
 urter etter smak
1

Skjær fersk og kjøleskapskald fiskefilet i grove bitar, og kjør den i ei kjøkkenmasin til det blir ein smidig fiskedeig

2

Pisk egg lett, og rør det inn i deiga. Bland deretter inn mjøl, salt, pepper og sitronsaft

3

Spe på med melk eller fløyte, litt og litt om gangen. Du kan gjerne bruke halvparten av kvar. Pass på at melk og farse har same temperatur før du blandar det saman. All væske må vere ordentleg innkjørt før ny tilsettes

4

Bland gjerne finhakka urter inn i fiskefarsen. Bruk dei urtene du likar best. (Finhakka purre er også godt. Eller chilli og koriander!)

5

Lag rause fiskekaker, rundt 10 cm diameter. Bruk reine, kalde og litt våte hender, slik at det blir enklare å forme kakene

6

Smelt smør i ei romsleg steikepanne, og steik fiskekakene på middels varme. Rundt 2-3 min. på kvar side bør vere bra

7

Server med smørsteikt løk, gode poteter og raspa gulrot. Ei heimelaga remulade er også perfekt tilbehøyr!

Ingredients

Directions