Fastelavnsbollar

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Vi held kanskje ikkje 100% på fastetida i dag som i gamle dagar, då dei avsto frå visse typar mat og glede i 40 dagar, men vi held framleis på å lage fastelavnsbollar den andre søndagen i februar! Slik vil det vere i lang tid framover, fordi desse kveitebollane med krem- og syltetøyfyll er så gode! I år er det også fastelavn, morsdag og Valentinsdag på same dag! Ein god grunn til å kanskje lage dobbelt mengde med deig? Denne oppskrifta er for ca 20 bollar.

Bolledeig:
 900 g kveitemjøl
 5 dl melk
 25 g fersk gjær
 105 g sukker
 1 ts malt kardemomme
 5 ts salt
 1 egg
 150 g smør
 1 egg (vispa)
Fyll:
 3 dl kremfløte
 1 ts sukker
 1 ts ekte vaniljesukker
 bringebærsyltetøy eller anna valfritt syltetøy
 melis som dekor
Bollar:
1

Ha alle ingrediensane til bolledeiga (utanom smør) i ein bakebolle. Elt deiga i eltemaskin i ca 10 minuttar på sakte fart. Spe på med meir melk undervegs dersom deiga ser kompakt ut. Spe på med mjøl dersom den verkar klissete.

2

Skjær smøret i terningar og tilsett desse i deiga. Elt vidare i mellom 5-10 min., heilt til alt smøret er godt elta inn og deiga slepper kantane i bakebollen.

3

Dekk til bakebollen med plast eller eit lokk, og la det heve til omtrent dobbelt storleik. (ca. 1 time).

4

Når deiga er ferdig heva, strø mjøl på kjøkkenbenken og ha deiga oppå. Den den opp i 4 like store emner, og deretter del desse opp i 5-6 like store emner. Trill til boller. La bollane heve under eit klede til ca. dobbelt storleik (ca 45 minuttar).

5

Når bollane er ferdig heva kan du pensle dei forsiktig med vispa egg, og steik midt i ovnen på 225 grader (over- og undervarme) i ca 12 minuttar. Når bollane er gylne på toppen og lett brune på bunnen er dei ferdig steikt. Ta ut og avkjøl på rist.

Fyll:
6

Pisk kremfløte med frø frå vaniljestang og litt sukker. Pisk til ein mjuk krem. Del bollane i 2 og smør eit lag med syltetøy på den nederste delen. Ha ein raus klatt med krem og legg den andre halvdelen av bollen oppå. Dryss bollane med melis gjennom tesil eller liknande. Server og nyt!

Ingredients

Directions