Print Options:

Bestas heimelaga kjøtkaker frå Abbel Tradisjonsmat

Ein lettvint og smakfull vri på heimelaga kjøtkaker: Bestas heimelaga kjøtkaker frå Abbel Tradisjonsmat. Kombiner med godt tilbehøyr, brun saus og ertestuing, varm dei opp og middagen er klar!

 1 pk Bestas heimelaga kjøtkaker frå Abbel Tradisjonsmat (1 pk er nok til 4-5 personar, så tilpass etter ynska mengde)
 Poteter (tilpass etter ynska mengde og gjerne frå Lærdal Grønt i sesong juli-november)
 Gulerøter (tilpass etter ynska mengde og gjerne frå Lærdal Grønt i sesong juli-august)
 Tyttebærsyltetøy
Ertestuing
 250 gr tørka grønne erter
 75 gr smør
 1 klype sukker
 Salt og kverna pepar
Brun saus
 2 ss smør
 3 ss mjøl
 5 dl kraft evt. vatn med buljong
 Aromat (valfritt)
Ertestuing
1

La ertene ligge i rikeleg med vatn over natta. Hell av bløtevatnet og ha ertene over i ein kasserolle. Fyll på med friskt vatn til det står eit par cm over ertene.

2

Kok opp og fjern eventuelt skum som legg seg på toppen. Dekk kasserollen med eit laustsittande «lokk» av aluminiumsfolie eller la eit lokk ligge litt halvveis på. Kok ertene møre i ca. ein time. Når ertene er møre har mykje av vatnet fordampa, men det skal framleis vere nokon centimeter med vatn igjen.

3

Tilsett smør og køyr alt saman med ein stavmiksar til ein jevn, men samstundes litt grov puré. Smak ertestuingen til med salt og kverna pepar. Ynskjer du ein ekstra sødmefull ertesmak kan du tilsette ei klype sukker.

Brun saus og kjøtkaker
4

Her brukar vi Coop Vest si grunnoppskrift 2+3=5. Smelt og brun 2 ss smør og ha i 3 ss mjøl. Bland det saman på svak varme til blandinga får ein nøttebrun farge. Spe i 5 dl kraft evt. vatn med buljong.

5

Dei frosne kjøttkakene kan du putte rett i sausen. La dei trekkje i 15 til 20 min og smak til med salt og pepar, og kanskje ein liten dash aromat?

6

Server med ertestuing, poteter, gulerøter og tyttebærsyltetøy.

Velbekomme!