Print Options:

Bakt potet med cheddarost, bacon og crème fraîche

Førebuing1 time 10 min

Cheddarost smeltar godt og er populær til bakt potet. Saman med bacon og crème fraîche blir det ekstra godt. Prøv denne oppskrifta med kortreiste poteter frå Lærdal Grønt.

Lokalmat | Smaksglede

 4 stk. store poteter frå Lærdal Grønt, med skal
 1 -2 ss rapsolje
 100 g smør, i terningar
 180 g baconterningar, sprøsteikt
 100 g cheddarost, revet
 4 ss crème fraîche
 2 ss gressløk, finhakka
 salt og pepar
1

Fyr opp grillen og lag til eit område utan direkte varme under rista. Du kan også bake potetene i omnen på 185˚C.

2

Vask og tørk potetene godt. Stikk med gaffel 3-4 stadar og gni inn skalet med litt olje. Legg på indirekte varme på grillen (eller på rist i omnen). Steik til potetene til dei er møre (ca. 60 minutt).

3

La potetene kvile i 5 minutt og steik bacon i steikepanne.

4

Skjer eit djupt snitt på midten og grav ut den møre innmaten i poteta med skei. Mos saman potet og smør og smak til med salt og pepar. Legg potetmosen tilbake i skalet og fyll med revet ost, og topp med crème fraîche, baconbitar og gressløk.