Bakar Jon sitt julebrød

Bakar Jon sitt julebrød

Sjølv om julebrød høyrer jula til er julebrødet til Bakar Jon så populært at dei lagar det heile året. Denne jula her deler Bakar Jon oppskrifta med deg slik at du også kan prøve deg på dette herlege julebrødet.

 10 g salt
 450 g sukker
 400 g smelta melange
 200 g gjær
 80 g mjølkepulver
 2 egg
 0,50 ss kardemomme
 1 kg mjøl
 1 liter vatn
Tilsettast
 300 g sukat
 300 g rosiner
 1 egg
 
1

Bland saman alle ingrediensane (utanom rosiner, sukat og 1 egg) med 1 liter temperert vatn (ca. 40 grader). For ekstra luftige brød tilsett 1 kilo med nattehev.

2

Elt deiga i maskin i ca. 15 minutt eller om du gjer det for hand til deiga slepp bordet.

3

Rosiner, sukat og 1 egg blandar du inn mot slutten av eltinga. Tilsett meir mjøl etter behov, men ver obs på at deiga skal vere litt klissete heller enn for tørr slik at den er elastisk og god å jobbe med.

4

I tillegg til nattehev ligg hemmelegheita i å gi deiga nok tid til å kvile. La deiga ligge på bordet i 10 – 15 min før du deler deiga i 4 (ca. 750 g kvar) og bakar ut brøda.

Deretter let du julebrøda heve ein time på brett før du set dei inn i omnen.

5

Steik midt i omnen på 200 grader i ca. 18 min til brøda er fine og gyllenbrune.

Ingrediensar

 10 g salt
 450 g sukker
 400 g smelta melange
 200 g gjær
 80 g mjølkepulver
 2 egg
 0,50 ss kardemomme
 1 kg mjøl
 1 liter vatn
Tilsettast
 300 g sukat
 300 g rosiner
 1 egg

Slik gjer du