Print Options:

Bacalao frå øyriket Solund

Cook Time1 time 20 minutt

SolundMat si eiga oppskrift på ein deilig og fyldig bacalao som du lagar med deira bacalaobitar fiska og foredla i øyriket Solund. Oppskrifta er berekna for ca. 6 personar

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

 2-3 pk Bacalaobitar frå Solundmat, á 400g (du finn dei i 34 av Coop Vest sine butikkar).
 0,8-1 kg kokefaste poteter (gjerne Lærdal Grønt sine poteter i sesong juli-november)
 3 store laukar
 2 raude paprika
 3 store gulerøter
 ca 5 fedd kvitlauk
 1 fersk chili eller tørka chilikrydder
 1 liten boks tomatpuré
 2-3 boksar hakka hermetiske tomatar
 2,5 dl olivenolje (mild type)
 ca 4 dl vatn
 Litt oregano eller t.d. pizzakrydder
 Pepar og evt. litt salt
 2 store laubærblad (kan sløyfast)
1

Skjer potetene i skiver. Del grønsakene i mindre bitar og hakk kvitlauken.
Legg ingrediensane lagvis i ei panne med tjukk botn.

2

La gryta småkoke i minimum 1 time, gjerne lenger. Ver forsiktig med å røre i bacalaoen, snu heller på panna av og til.

3

Serverast med brød til, gjerne Focaccia.
Det er ikkje farleg å lage for stor posjon, bacalaoen toler å stå til neste dag og er like god.

4

TIPS! Det finnast mange oppskrifter på bacalao, og med litt erfaring kan du enkelt variere med litt fleire ingrediensar. Det er fint med litt svarte oliven, og ein kan i tillegg bruke litt selleristang eller kålrot (kålrot kan du evt. erstatte med gulrot). Rosiner kan òg brukast for å få bacalaoen søtare, bruk av tomatpurrè /hermetiske tomatar krev at ein har i noko søtt i tillegg. Gulrot som er brukt her gjev også søtsmak . Søt chilisaus er fin å bruke for å tilpasse smak . Om bacalaoen er vorten for sterk, kan den serverast med litt lettrømme som mildnar smaken.