MYLNÅ i Volda

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Volda er den einaste staden i Norge som framleis produserer korn på gamlemåten. Kva er “gamlemåten”, og kvifor gjerast det slik? Vi har tatt ein prat med Elias Moe hos Mylnå. Han driv Mylnå saman med son sin, Thomas Moe, som er møllaren. Han har også ei dotter, Janne Moe, som driv butikken deira, Sunkost, i same bygget. Saman produserar dei og tilbyr sunnare alternativ til heimebaksten.

Utstyr frå 1937 er betre for helsa

Elias Moe er kornentusiast og dagleg leiar i Volda elektriske mylne – kjent som Mylnå. Han er i overkant opptatt av næringsinnhald og produksjon av korn, og har gjennom 30 års fartstid i bransjen erfart at å gjere det på gamlemåten, med det opprinnelege utstyret, er det som er det beste for kroppen. 

Mylnå er ei bygdemølle med store møllesteinar som i dag blir nytta på same måte som då den vart bygd på 1930-talet. Heile Norge produserte korn før i tida, men med auka etterspørsel auka også produksjonen, og effektivisering vart sett i fokus. Møllesteinane vart bytta ut med større og meir effektive valsemøller, eller så blei dei rett og slett lagt ned. På 60-talet slutta dei heilt med kornproduksjon på Vestlandet og i Nord-Norge. Dei få kornprodusentane som var igjen, produserte berre kraftfôr for husdyr. Volda var dei einaste som heldt fram med matmjølproduksjon. Det er den einaste aktive, gamle bygdemølla igjen i Norge, og i Volda sitt dei åleine med denne kompetansen. Utstyret dei nyttar er det same som i 1937. 

Han sette føtene sine inn i Mylnå ein desemberdag i 1987 og blei mektig imponert over utstyret og maleprosessen. 

“Det fanst ikkje litteratur på næringsinnhald i t.d. havremjøl produsert på denne måten. Eg sendte inn analyse av mjølet, og blei sjokkert over kor sunt det var med nesten 25% kostfiber pr. 100g!”

Møllesteinane brukar lengre tid å male kornet, men det er også denne prosessen som er det beste for korna. Det er vanskeleg å halde på alle kornlaga i produksjon, men med tålmod og utstyr frå 1937, lagar dei spelt, havre og bygg med 100% korn, utan å miste nokon av dei ytterste kornlaga. Dei aller fleste antioksidantane og næringsstoffa ligg i eller nær skalet på korna, og Elias meiner dette er heilt essensielle næringsstoff ein må få i seg. 

Grove sveler og graut av alle kornslag 

Sjølv eksperimenterer han og kona heime med ulike oppskrifter ein kan nytte dei grovaste kornsortane i, og dei har konkludert med at det kan nyttast i kva som helst: Bollar, svele, vafle og pannekaker. 

“For meg som gaflar i meg altfor mykje vaflar, så er det godt at ein kan nytte den sunnare kornsorten!”

På jobb har Elias og kollegaane hans laga graut ut av alle kornslaga. Elias meiner at havregryn er den sorten som er mest sytalaust, då du berre kan ha den i mikrobølgeovnen. 

Livreddar i pandemien

Etter eit innslag i Norge rundt i 1990, eksploderte det for Mylnå og kornproduksjonen deira. Det var på denne tida samarbeidet med Coop byrja, og det er han takksam for. Etter at pandemien meldte sin ankomst, har bakeri etter bakeri stengt ned, og bestillingane på korn har vore minimalt. Heldigvis har etterspørsel etter korn i Coop Nordvest sine butikkar dobla seg. 

“Vi har Coop-butikkar i alle kantar, og samarbeidet med Coop Nordvest blir berre betre og betre!”