Inne på handverksbakeriet til Bakar Jon lagar dei noko som dei kallar for nattehev kvar kveld før neste bakerunde. Dette gjer dei fordi dei ikkje vil tilsette kunstige stoffer i deigene deira og får at bakeverka deira skal bli ekstra luftige og fine. Natteheva har kun tre ingrediensar og er enkel å lage. Alt du treng er kaldt vatn, mjøl og litt salt som du blandar saman kvelden før du skal bake.
Ingrediensar:
1 kg kveitemjøl
5 dl kaldt vatn
10 g salt (ca. 1 og ½ teskei)
Framgangsmåte:
Bland ingrediensane og elt deiga godt saman til den slepp bordet.
La den ligge i bollen og godgjere seg til dagen etterpå.
Tilset den til deiga di for å gi hevingsprosessen eit ekstra puff.
Du kan til dømes prøve deg på Bakar Jon sitt julebrød med dette trikset her.
Oppskrift: Bakar Jon sitt julebrød