Lokalmatkampanje på Evangerkorv, Eplemost og Blodpølse frå Hardanger

Evangerkorv frå Evangerpølsefabrikk (Voss)

Evangerkorven er røyka etter gamle tradisjonar over orreved i eit eldhus av tre som gir den ein eineståande smak. Korven er gluten og mjølkefri og inneheld 70% kjøt (okse, får, geit, svin) vatn, potetmjøl salt og krydder.

Eplemosten frå Hardanger Saft og Ciderfabrikk (Ulvik i Hardanger)

Gjer litt ekstra stas på frukosten eller måltidet med eit forfriskande glass med eplemost!

Råpressa eplemost på 3L består av 100% rein eplemost med fruktkjøt. Mosten er ikkje tilsett sukker og vert pressa på garden sitt eige presseri. Etter pressinga blir mosten grovfiltrert, slik at mest mogleg av smak og næringsinnhald blir tatt vare på. For å unngå gjæring er mosten varma opp, og deretter tappa på kartong. Dette gjer sitt til lang haldbarheit. Mosten vil ofte innehalde lett synlege fruktkjøttpartikler. Disse partiklane er viktige for smaken, men gjer til at mosten ikkje blir heilt klar. Smaken og fargen kan variere ut i frå epla som blir brukt. I hovudsak brukar gardspresseriet deira Gravensten, Summerred og Aroma.

Blodpølsa frå Hardanger

Blodpølsa på 700 gr. produsert av Johs. Lundal og Sønner AS (Åkrafjorden) er basert på ei gammal familieoppskrift frå Hardanger og vidareført gjennom varemerket Ekte & Ærleg – Norske matskattar. Om du er på leit etter gode matopplevingar, så er Ekte & ærleg – Norske matskattar ein garanti for at råvarer, smak, tradisjonar og produkthistorie er vel ivaretatt. Den gode smaken og konsistensen til pølsa førte den til finalen i Det Norske Måltid i 2017 i kategorien Årets Godbit.

Pølsa er veleigna både til forrett, lunsjrett og middagsrett, og her er nokre gode tips til inspirasjon:

• Sneier på ca 1,5 cm. Godt smør på steikepanna på mellomsterk varme, til gjennomvarm, gjerne saman med eple-båtar av Hardanger-eple, til dømes Aroma.

• Forrett: Trekantbitar av blodpølse dekorert med krema søtpotetmos og steikte eplebåtar.

• Lunsj-rett: Heile skiver av blodpølse saman med søtpotetmos, eplebitar, eventuelt salat.

• Middagsrett: Heile skiver av blodpølse med dryss av terna bacon, søtpotetmos eller kålrabistappe, eplebitar.