Lokalmat som julegåve

lokalmat-julegave-smaksglede-coopnordvest

Hausten melder sin exit og julelysa i gågata er snart på plass. Adventstida og jula er ei fantastisk tid for mange, der hygge, familie og gode mattradisjonar står i fokus. Men sjølv om vi elskar jula, er det ikkje til å skimte av at ein gjerne kan forbinde sesongen med ei hektisk periode, då ein gjerne ønskar at alt skal vere perfekt til julekvelden. Julegåver, julelys, julemat, julevask, julestjerne, julepynt og julekonsertar står på agendaen, og det kan bli både travelt og dyrt dei vekene fram mot jul.

(Artikkel held fram under biletet.)

Ein ønsker jo å gi sine kjære ei eller fleire gåver som dei kan få stor glede av. Men kva gir ein til nokon som har alt?

Gi noko handlaga

Våre lokale produsentar av lokal mat og drikke, står på året rundt for at vi skal kunne nyte handlaga mat- og drikkevarer som kvardagsmat og til fest. Gi dine kjære ei gåveeske eller gåvepose med lokale skattar som smakar både unikt, og for nokon; kanskje nostalgi? 

Juice og saft av frisk frukt og bær, heimelaga havrekjeks, marmelade og syltetøy, chutney, fenalår, anna spekepålegg, røykelaks og smakfull sild. 

I Coop Nordvest sine lokalmatavdelingar kan du finne gode produkt som vil vere den perfekte julegåva!