Lokalmat smakar best på grillen

edelgard lammebog grill grilltips grilloppskrifter oppskrift

Vi har tatt ein sommarprat med fire populære lokalmatprodusentar som brenn for den gode grillopplevinga: Haugen Gardsmat, Ole Ringdal, Edelgard og Kandal Kjøt, og bedt dei fortelje om deira beste grilltips. Anten du nyttar gass, kol, eller kanskje bålpanne og ved – slik toppar du grillsesongen!

Kandal Kjøt

Om du skal unne deg noko godt, og ikkje heilt A4 på grillen i sommar, kvifor ikkje gå for kjekjøt? Lengst inne og øvst i Kandal, med spektakulær utsikt over Breimsvatnet, finn du Kandal Kjøt, ei familiebedrift som har drive med geitehald i generasjonar. Dei har mykje godt du kan grille i sommar, og Jorun Beate Nygård deler gjerne tips.

– Vi har så mykje godt. Det er vanskeleg å velje mellom barna sine, seier ho og ler. 

– Du kan få to tips, og vi kan byrje med eit atypisk eit. For ei tid sidan slumpa vi til å grille ein dampepølse. Tradisjonelt skal desse dampast eller kokast, men det visste seg at dei er fantastisk gode grilla også. Snitt nokre strategiske snitt i skinnet og grill i cirka 30-45 minutt på indirekte varme, til kjernetemperaturen er 65 grader. 

 
lokalmat oppskrift stekt lår kje geit ovnsstekt

– Kva serverer ein til då?
– Eg er glad i potetbåtar og gulerøter baka i omn på 180 grader i cirka 30 minutt, med urtesalt frå Høgt og Vilt på. Til kjekjøt er det godt å steike sjampinjong og paprika på panne, men her vel ein det ein sjølv likar, seier ho og deler eit tips til.

Oppskrift på grilla kjelår frå Kandal Kjøt

Ole Ringdal

I Hellesylt finn du ein av landets fremste kjøtvareprodusentar: Ole Ringdal AS. Dei har i ei årrekkje teke medaljar for sine produkt i NM i kjøtvarer, og dei har sjølvsagt mange gode produkt du kan grille. Vi bad dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal om tips.

– Vi har veldig mange gode produkt til grilling, og dei fleste av kjøttvariantane våre er ferdig marinert. Sjølv er eg særs glad i pølser, og mine favorittar er våre nye kjøttfulle pølser: Grillmør, Alpepølse, Fjordpølse og Svinemør. Desse har mykje kjøtt, dei er perfekt krydra og ikkje minst er dei saftige og gode. Faktisk så gode at ein knapt treng tilbehøyr, seier han og smiler.

– Men ein heimelaga potesalat, eller krydra potetbåtar steikt i omn, saman med ein grøn salat er toppen. Pølsene kan ein gjerne grille litt på sterk varme for å få fin farge og steikeskorpe, før ein legg dei på indirekte varme. Om du brukar kolgrill, så ikkje fyll heile grillen med kol, men sett av ein ventesone utan. Der kan produkta ligge og ettersteike, seier han og deler ein anna favoritt.
– Frå utvalet vårt av marinert kjøtt er favoritten Marinert svin indrefilet, som nett vann gull i NM i Kjøttvarer. Dette er magert og saftig kjøtt, som er perfekt til grilling. Ved å heilgrille denne tek ein vare på saftigheita og smaken. Brun kjøttet kjapt på grillen, og legg så over på indirekte varme og grill vidare i 15-20 minutt. Fileten er medium steikt på 65 grader, medium pluss på 70 grader og gjennomsteikt på 75 grader. Sjølv likar eg den best på cirka 70 grader. Bruk steiketermometer, og la den kvile i minst 5 minutt før du skjer i den, forklarar han.  

– I kva Coop Nordvest-butikkar finn ein dette produktet?

– Det finn du i dei aller fleste butikkane til Coop Nordvest.

Grillbein frå Sogn 

Oppskrifta finn du her

Haugen Gardsmat i Flåm produserer mat tufta på tradisjon og kvalitet i samspel med naturen kring seg. Og spesielt eit av produkta deira bør du unne deg på grillen i sommar. 

– Våre grillbein frå Sogn, seier Odd Ohnstad og smiler. 

 
grill grilltips lokalmat grillen grillbein oppskrift oppskrifter grilloppskrift grilloppskrifter haugen gardsmat

– Det som er viktig når du skal grille desse er at du brukar direkte og ganske høg varme, slik at dei får ei tørr, fin steikeflate. Det er ikkje noko katastrofe om grillbeina blir litt svidde i kantane. Vi tørrmarinerer med ein rubb som har brunt sukker. Det har, i kombinasjon med høg varme, lett for å svi. Dei skal ikkje vere svartsvidde, men litt brent gir fin smakstilførsel, seier han og held fram.
– Når ein har oppnådd steikeskorpa kan ein, om ein har lyst, bruke ein glacé å pensle dei med. Her vel ein sjølv om ein vil kjøpe, og det finnast mange gode alternativ, eller om ein vil lage sjølv, seier han og deler ei superenkel oppskrift frå eige hovud. 

– Bland to delar ketsjup, ein halv del sennep, litt honning, ein dæsj med god eddik, gjerne raudvinseddik, og 8 cl med sterk, sterk kaffi. Her kan ein til dømes blande ei barneskei med Instant-kaffi og akkurat nok vatn til at det flyt, og tilsette dette. Så står det berre at å røre rundt, så har du ein kjempeflott barbecue-saus som ein smakar til med brunt/kvitt sukker.

Prisvinnande lammebog frå Edelgard

Edelgard er en kvalitetsbevisst kjøtt- og matprodusent på Vestnes på Nordvestlandet, som lagar råvarer basert på stolte mattradisjonar. Dei har markert seg sterkt i NM i grillprodukt. 

– Kva er ditt beste grilltips for sommaren? 

Oppskrift: Heilgrilla lammebog frå Edelgard

– Kva med å invitere til grillfest med heilgrilla Lammebog frå Edelgard. Den er ferdig krydra og souvsvide-pakka frå vår side. Den var med i NM i grillprodukt i år, og fikk gullmedalje, seier Brage Grønningsæter, som er driftssjef og produktutviklar hos Edelgard, som gjerne gir deg oppskrifta på perfekt sluttresultat.
– Ta lammebogen ut av posen og legg den på grillen. Grill på indirekte varme i ca. 20 min., på 180 grader. Snu den etter 10 minutt. Kjøtet er pakka i ein pose med kraft, som eignar seg særs godt til å lage saus av. Slå krafta over i ein kasserolle og ha gjerne i ein skvett raudvin, og så reduserer du dette til det halve. Trekk kjelen til sides og pisk inn ei god ss med smør, seier han og foreslår tilbehøyr. 

Sjå heile oppskrifta her

PS: Om du vart svolten og inspirert av tipsa er det berre å ta turen innom din nærmaste Coop Nordvest-butikk, og fråtse i alternativa. Og er det noko du saknar, så spør etter produktet. 

 

Bileter: Edelgard.no, Kandal Kjøtt, Haugen Gardsmat