Lokal og tradisjonsrik kjøttforedling

Edelgard kjøtt

Kjøttprodusenten Edelgard vart stifta i 2021, men dei er tufta på lange tradisjonar. Og dei har alt markert seg som ein nyskapande, prisvinnande produsent. 

Edelgard er ein relativt ny leverandør i Coop Nordvest sine butikkar.  

 – Edelgard vart stifta i 2021, som ei vidareføring av tidligare bedrift under nytt namn og eigarskap. Matproduksjon har såleis drive med lenge, og vi har mange dyktige tilsette som har jobba her i fleire tiår. Som sjølvstendig satsa vi på eiga merkevare: Eldegard, seier Nina Reinseth, sals og marknadsansvarleg i Edelgard. 

Filosofien til Edelgard er å bruke reine råvarer frå norsk storfe, gris og småfe. 

– Vi bruker berre norske råvarer, som er så kortreiste som råd. Det meste kjem frå Ytre Nordmøre Slakteri, og resten frå Nortura. Vi er oppteken av sporbare råvarer, transparent produksjon og å ha kontroll på verdikjeda. Vi tek inn halve dyr, og skjer ned sjølv. Våre dyktige kjøttskjerarar sikrar høg kvalitet på råvarene vi skal foredle. 

Bileter: Edelgard.no

Suksess frå start av

Edelgard eit utval produkt, og har markert seg sterkt i NM kjøttprodukt 2022. 

– Det var første gang vi viste oss fram på ei «scene»: Vi fikk gull for Edelgard Lammebog Sousvide, som du finn i eit utval av butikkane til Coop Nordvest, primært i Møre og Romsdal, og bronse for vår Chillipølse frå Romsdal med ost, seier ho og deler suksessoppskrifta.
– Hardt arbeid, dyktige tilsette og stadig utvikling for å bli enno flinkare til å utvikle gode produkt basert på kvalitetsråvarer, basert på gode mattradisjonar, gode oppskrifter og lang erfaring. Målet er å bidra til eit breiare spekter av gode måltid i matdisken, som gir folk høve til å ete meir variert. Og å løyse tidsklemma for folk, ved at dei enkelt og raskt kan lage smakfulle, fullverdige måltid i kvardagen. Vi jobbar med å gjere produkta meir kjent for folk, blant anna gjennom demoar i Coop Nordvest sine butikkar. Det kjem vi til å halde fram med. 

No er grillsesongen her: Edelgard Barbecueribs og Lammeskank blir kanskje dine grillfavorittar i sommar?  Bilete: Edelgard.no

Mat som gjer det enkelt og raskt å lukkast på kjøkkenet heime 

Blant produkta til Edelgard finn ein sous-vide produkt av langtidskokt kjøt frå lam og gris. 

– Å langtidskoke kjøt er krevjande. Det tek tid og det må takast ut på rett kjernetemperatur. Vi tek jobben med å koke og krydre kjøtet, slik at det blir enklare for deg å lukkast som kvardagskokk. Du lagar tilbehør og varmar retten, så er middagen klar. Det gjer det mogleg å nyte til dømes langstidskokt lammekjøt som kvardagsmiddag, mellom jobb og fotballtrening, ikkje berre i helger, seier ho.

Utvalet består også av blant anna ferdig mørna ytrefilet og entrecote, Barbecueribs, kebab og ikkje minst burgerar og pølser av høg kvalitet. 

– Vi har lenge vore kjent for våre prisvinnande pølser, laga av reint kvalitetskjøt etter tradisjonsrike oppskrifter. Dei gir deg eit fullverdig måltid. Burgerar blir ofte laga av kverna og mager kjøttdeig. Våre burgerar og vår burgerdeig blir laga av grovkverna brisket/høgrygg. Det gir eit produkt med 20 prosent fett, masse smak, der struktur, fiber og smak blir teke vare på. Det gir saftige burgerar med god tyggemotstand. Burgerdeiga kan også nyttast til å lage karbonadekaker og kjøttbollar. 

Edelgard burger

Burger er laga av brisket og høgrygg med rista pepar og
bøkerøkt havsalt. Bilete: Edelgard.no

Minst mogleg til spille

Edelgard er oppteken av bærekraft og dyrevelferd. 

– Velferden handlar om heile reisa til dyret, og vi er oppteken av å bidra til det. Det  kjem alle til gode: Ein merkar det på kjøtet når dyret har hatt det bra, seier ho og fortel at dei har ein  «Zero Waste-filosofi».
– Så lite som råd av eit dyr skal gå til spille. Vår oppgåve er å skape gode produkt, også av «vanskelege» deler av dyr. Til dømes er lår/skank av lam lett å selje, medan lårfileten, som blir igjen når ein tek ut skanken, er meir ukjent. Kjøtet er fantastisk godt, så vi laga eit sousvide-produkt av det. Vi får vi bruk heile låret, og forbrukarane får eit nytt middagsalternativ, seier ho og fortel at dei også er oppteken av sitt samfunnsansvar. 

– Eldegard støtter lokale arrangement og bedrifter, og ønskjer å syne att i lokalsamfunnet vårt. 

Vi har cirka 45 tilsette, frå 13 ulike nasjonalitetar. Vi føler eit ansvar for samfunnet, og ser det som viktig å integrere folk. Ikkje fordi vi skal vere ei utstrekt hand, men fordi dette er viktig arbeidskraft. Vi ønskjer også å blir ekspandere, ut frå vår filosofi, og spreie Edelgard-merkevara til nye segment og kundar. 

Du finn produkt frå Edelgard i utvalde Coop Nordvest-butikkar.