Lærdal Grønt og Haugen gardsmat, Mosbøen gård og Balholm

3 lokale - tips til lokalmat - smaksglede

3 lokalmattips kvar veke

Velkomen til Smaksglede sin serie 3 Lokale, som kvar veke vil presentere 3 lokalmatskattar som du finn i alle eller utvalde Coop Nordvest-butikkar. Her er denne vekas smaksopplevingar.

Sognalapskaus

Kvifor?

Haugen gardsmat, Lærdal grønt og Coop Nordvest gjekk saman for å lage eit produkt ut i frå fokuset på å kaste mindre mat. Sjølv om frukta eller grønsaken ikkje har riktig form og storleik for butikksal, er kvaliteten like bra, og i alle fall for god til å kaste. Lapskaus er også ein super rett å tilberede av råvarer som er til overs. Sognalapskausen er enkel å tilberede: Det er berre å varme opp og nyte! 

Flatbrød Mosbøen Gård

 

Kvifor?

Mosbøen Gård i Øksendal seier det så fint: “Tradisjonskost for matelskere”. Kva er vel lapskaus utan flatbrød? Dette flatbrødet er litt utanom det vanlege, då du kan få det i ulike smakar. Prøv flatbrød med chili eller rosmarin for ei ekstra smaksoppleving! Dei har sjølvsagt naturell også. 

Balholm Sprudle med eple og bringebær

Kvifor?

Norsk tradisjonsmat inneheld ein del salt kjøt, som vi elskar! Då salt gjerne gjer oss tørste, er det godt med litt bobler i tørstedrikken! Balholm Sprudle er ein perfekt skildring av kva for tørstedrikk dette er. Boblene og dei friske eplene og bringebæra utgjer ein nydelig kombo! Nyt ho iskald! 

Har du tips eller ynskjer om spesielle varer som bør inngå i serien 3 Lokale? Ta kontakt med Coop Nordvest Smaksglede på Facebook. Ha ein fin dag 🙂