3 lokalmattips kvar veke
Velkomen til Smaksglede sin serie 3 Lokale, som kvar veke vil presentere 3 lokalmatskattar som du finn i alle eller utvalde Coop Nordvest-butikkar. Her er denne vekas smaksopplevingar.


Jegergelè frå Romstad Gård
Kvifor?
Gjennom fleire generasjonar har dei henta inn erfaring til å skape dei beste oppskriftene, basert på dei reinaste naturprodukta. Jegergelè passar seg fint på hausten som eit populært tilbehør til viltkjøt og spekemat med rømme.


Flatbrød frå Ferske Smakar
Kvifor?
Ikkje berre leverer dei fantastiske gode og søte smakar, men dei leverer også heimelaga flatbrød! Kjempegod til lapskaus og anna tradisjonssupper!


Spekepølse frå Solundmat
Kvifor?
Solundmat skuffar aldri med spekepølsene sine! Dei er snertne, kjempegod på smak og veldig enkelt å ta med seg, til dømes på fjelltur. Spekepølse med oregano har ein mildare smak med eit hint av italiensk. Prøv ho saman med noko godt å drikke i glaset.