Kvalitet og verdiskaping går hand i hand på Sunnmøre

Coop-Prix-Syvde-Smaksglede

Bjørn Knardal er butikksjef på den splitter nye Coop Prix-butikken i Syvde. Eventyret til Bjørn i Coop byrja i 1977 og sidan då har han jobba som både lagermedarbeidar, seljar og butikksjef.

– Eg trur eg er ein av butikksjefane med lengst fartstid i Coop-bransje, seier han.

Produkta frå Ringdal og Volda Mat har alltid vore populære blant innbyggjarane i Syvde, men Bjørn merkar stor skilnad på engasjementet for eit breiare sortiment innan lokalmat no etter at den nye butikken, og lokalmatavdelinga, opna 11.11.21.

– Fram til jul selde vi veldig bra med lokale produkt, og mykje av produkta eg ikkje trudde vi kom til å selje gjekk i store mengder. Mykje av produkta blei kjøpt som julegåve, som til dømes gelé og syltetøy frå Romstad Gård, spekepølse frå Ringdal og Rekdal, fortel Bjørn entusiastisk.

Lokalmatsatsing

– Sunnmøringane er ikkje dei enklaste å selje til, men det går når dei ser kvaliteten på produktet! Lokalmatsatsninga til Coop er eit veldig flott konsept. Tidlegare såg ikkje kundane verdien i dei lokale produkta, fordi dei meina det var for dyrt. No når ein kommuniserer den gode kvaliteten på dei lokale produkta er betalingsvilja mykje større. Det har vore veldig interessant å følge med på denne utviklinga, særleg hos den yngre generasjonen. Dei er veldig opptekne av å handle lokalt.

Spekemat før jul, fiskeprodukt på nyåret

Det er tydelege skilnadar på sesongane.

– Til jul selde vi mykje spekemat. No over nyttår er det mykje fiskeprodukt som går, frå både Løvold og Hillersøy, seier han.

Det er ingen tvil om kva som er Bjørn sin favoritt:

– Hofseth laks: Det er den beste laksen eg nokon gong har smakt! Kvelden før opninga av den nye butikken serverte vi Hofseth laks på samfunnshuset for driftsapparatet, tilsette i butikken og tilsette frå andre Coop-butikkar vi hadde leigd inn for å hjelpe til i bygginga. Vi er faktisk den einaste dagligvarebutikken i Norge som sel Hofseth laks. Vi sel i periodar over 50 kartongar med 2 kg fryst Hofseth laks i veka, seier han!

Hofseth Laks

Roger Hofseth har fiska og jobba i fiskeindustrien, men i 2001 starta han Hofseth AS der det går i kjøp og sal av fisk.

– Heile grunntanken med Hofseth er å fiske, foredle og utnytte råstoffa lokalt, fortel Roger.

I 2003 fekk Roger sin første kollega og tilsette. Dei kom over eit gamal og slite bygg på Syvde; gamle meieriet. Dette kjøpte dei i 2004 og byrja produksjon i desember 2005.

– Vi var 15 personar då og no er vi over 500 tilsette.

Lokal verdiskaping, og lokal handel

Visjonen til Hofseth er lokal verdiskaping.

– Vi har dei beste naturgitte føresetnadane i Norge når det kjem til lakseoppdrett. Det er bra med fiske, men det negative er at hovudtyngda av det som blir fiska blir eksportert til andre land. Dersom vi kan foredle fisken her får fleire arbeidsplassar og dermed meir verdiskaping i Norge. Dessutan er det meir aktuelt for det store miljøfokuset som er no.

For Roger har det alltid vore viktig å nytte alt av fisken.

– Ein laksefilet er ca. 65% produkt, men resten er rygg og hovud. Dette nyttar vi til å lage olje og protein til humant konsum.

Samtidig som han bidrar til lokal verdiskaping gjennom produksjon, er Roger opptatt av å handle lokalt.

– Eg køyrer inn på Extra Digernes og handlar mykje lokalt. Coop Nordvest gjer ein ekstremt viktig jobb med å rette fokuset på kvalitet og lokale produsentar. Slik opnar dei opp for at dei små produsentane kan få seld sine produkt seier Roger, som er glad i fisk.

– Har du vore det heile livet?

– Bestemor mi sa at eg var kresen i matvegen når eg var liten, dei 5-6 første åra mine, men etter dette losna det veldig, seier han og ler.

Kan du gi oss eit middagstips?

– Bestemor serverte alltid kald laks med varme poteter, meierismør, agurksalat og rømme. Dette er veldig enkelt, men så utruleg godt! Ho dampa laksen først i godt salta vatn, og så let ho laksen kjøle seg ned og stå i krafta til dagen etterpå.