Ja, vi elsker vafler!

Coop Nordvest - norske oppskrifter - Lokale smakar - tradisjonsmat - lokalmat - norsk mat - matkultur - kortreist mat - norsk matprodusent - tradisjonelle smaksoppleveingar - lokalmatprodukt - lokalmatprodusentar

Vafle er så populært at vi har ein eigen dag for dette fantastiske og smakfulle bakverket! Historia om vafla si opprinnelse er framleis uklar, og det er fordi det finnast spor etter ho heilt tilbake til middelalderen. Du kan finne uttallige versjonar av vafler over heile verda, men den mest vanlege og utbredte er den belgiske typen. Ho er firkanta og sprø, og pålegget er gjerne sjokolade eller noko anna søtt. I dei skandinaviske landa er ho hjarteforma, og denne tradisjonen byrja i Sverige.

Visste du at vi har vaffeldagen grunna ein stavefeil? Vaffeldagen fell på same dag som den religiøse høgtida, “Lady Day”. Frå Kristen tru er det denne dagen engelen Gabriel kom ned til Jomfru Maria og ga ho bodskapen om at ho kom til å føde Guds son. I Sverige går denne dagen under namnet “Vårfrudagen”, og segna seier at Vaffeldagen blei til grunna ei språkforvikling. Slurvete uttalt, blei “Vårfrudagen” forveksla med “Våffeldagen”. Og dermed blei det ete haugevis med vafler denne dagen i Sverige, og tradisjonen spredte seg vidare til Norge.

I Norge assosierer vi vaflar med kaffimat, dugnad, basar, selskap, spontanbesøk og sjølvsagt, Den norske sjømannskirken. Like sikkert som at regn høyrer til vestlandsklimaet, er dette hjarteforma bakverket noko vi elskar.

Les meir om vaflar og vestlandstradisjonar her.