Iskrem av geitemelk

smaksglede-storfjordis

Geitemelk og råvarar frå lokale produsentar er hovudingrediensane i Storfjord Iskrem.

“Når du smakar ein is så veit du med èin gong kva smak det er.”

Foto: Mona Nordøy

Det som er unikt med Storfjord Iskrem er at geitemelka er konsekvent i alle iskremar. Storfjord Iskrem brukar også lokale råvarar og smakane på iskremane er særs sterke. ​“Når du smakar ein is så veit du med èin gong kva smak det er,”​ seier Silje. Dei lokale råvarane er til dømes sjokolade frå Geiranger sjokolade, jordbær og bringebær frå Valldal, kaffe frå Jacu Coffee Roastery i Ålesund og kransekake frå Sylteormen Bakeri i Valldal.

Lidenskap for geitemelk

Det heile har utgangspunkt i min lidenskap for geitemelk, seier Silje Lee Knutsen, gründer og dagleg leiar for Storfjord Iskrem. Silje er født i Sør-Korea og kom til Sjøholt då ho var kring eitt år gamal. Å skape er noko ho alltid har hatt lidenskap for! Det gjenspeglar seg i kor raskt ho fekk Storfjord Iskrem oppe å gå.

Foto: Mona Nordøy

Idè og draum frå Sjøholt og fagleg kunnskap frå Bologna, Italia

Silje var oppteken av at borna skulle få næringsrik melk i oppveksten og reiste til nærmaste gard på Kilsti for å få tak i geitemelk til borna. Yngste sonen på 9 år, elskar geitemelk i dag. Eigenskapane til geitemelka er noko Silje alltid har verdsett, og den norske geitemelka er rein, rik på næring og har i ulike internsajonale studiar blitt samanligna med morsmelka.

No byrja ein idè om å produsere iskrem av geitemelk. Ho leita og leita etter lokale for å kunne produsere iskremen, men det var utfordande å finne av hensyn til mattilsynet sine krav og restriksjonar på produksjon av næringsmiddel. Ho høyrde nyss om at dei ville få opp arbeidskrafta i Stordal etter nedgangen i møbelindustrien i byrjinga av 2000-tallet, og produserer i dag iskrem av geitemelk på 122m2 på Vad Eiendom AS i Stordal.

Foto: Mona Nordøy

“Dette var svært komplisert og læraren min har vore ei stor hjelp å ha på sidelinje for å kunne starte dette opp så raskt!”

Her satte ho i verk å renovere og hadde store planar om isproduksjon og at den skulle starte ganske raskt. Silje hadde ingen erfaring om isproduksjon frå før av, men ho har alltid hatt sans for smak og smakssamansetning, og hadde ein idè om korleis ho ville gjere det. Likevel var det ikkje så enkelt å blande saman sukker, fløyte og anna smakstilsetning. Der i frå bar det avstad til Italia på Bologna Gelato University. Her skulle ho lære å lage iskrem på ei veke i form av tre kurs. “Dette var svært komplisert og læraren min har vore ei stor hjelp å ha på sidelinja for å kunne starte dette opp så raskt!” Silje har stort pågangsmot, men har fått god hjelp av læraren sin frå universitetet i Bologna, og fekk solgt første isen i slutten av april 2018. Dette var mindre enn eitt år frå då ho fekk idèen!

Stolte born

Borna hennar er vaksen opp med at mora har ein sterk lidenskap for iskremproduksjon, og dei har vore ei stor støtte. Dei er særs tålmodige, og så gir dei uttrykk for at dei er stolte av mora. I år har salget starta tidleg, allereie i slutten av januar, og dette lovar godt for høgsesongen som er rett rundt hjørnet, seier Silje.

Samarbeid med Coop Nordvest

Coop Nordvest og Storfjord Iskrem gler seg over samarbeidet, og heile fire ulike smakar frå Storfjord Iskrem vil vere tilgjengeleg sommaren 2020, i følgande Coop Nordvest-butikkar:

Bakar Jon
Extra Digernes
Extra Elnesvågen 
Extra Gossen
Extra Nordfjordeid 
Extra Vatneeidet
Extra Volda
Mega Molde
Mega Volda
Mega Ulsteinvik
Prix Hornindal
Prix Midsund 
Prix Sjøholt
Prix Stordal