Sommaren meldte sin ankomst med lukt av nyklipt gras, saltvatn og grillmat. Du har kanskje bada, grilla, gått på fjellet eller kanskje reist på Norgesferie? Uansett kva vi finn på av aktivitetar, er vi alle takknemleg for varme dagar og sommarferie.
Det byrjar å mørkne tidlegare på kvelden, og det tyder på at vi går mot haust. Lufta blir litt meir “sprø” og kaldare. Det er herleg når sola skin, og vi kan halde fram med å gå i fjellet, og kanskje grille på bålpanna! Det er ikkje ukjent at regnet herjar om hausten, men heldigvis har vi hatt ein god sommar med mykje utetid, og vi lengtar etter peiskos, varm drikke og “innemat”. Dagane og vekerutinane er i full gang, og då er det godt ein kan nyte enkle middagar, med mykje tradisjon, historie og ikkje minst: Smak: Sognalapskausen frå Haugen gardsmat og Lærdal grønt, er berre å varme opp. Ein favoritt for familien, og enkel å ete mellom skule og fotballtrening.
Med Signes raspeball og godt tilbehøyr frå Ringdal, har du den perfekte raspeballmiddagen på torsdag. For ein mindre travel dag, kanskje laurag eller søndag, er det fleire som ønsker å stelle istand til fårikålmiddag for heile familien. Om hausten er det lammesesong, og det finnast mange freistande oppskrifter til dette. Tradisjonelle lammeskiver med poteter, indisk lammecurry eller gresk lammegryte (kleftiko) er gode tips. Her får du inspirasjon frå fleire delar av verda. Kva rett er din favoritt?
Ein kan også tilberede ein enklare lunsj med ulike røykelaks frå til dømes Svanøy Røykeri, eller gudefisken, Glitne kveite. Ønskar du å gjere ekstra stas på gjestane, så kan du slå til med ein god dessert! Det er jo bærsesong, og dermed mange gode oppskrifter på bærdessert.
Freistar det med innekos ein fredagskveld med vener? Gangstad og Eggen kan stille med gode ostar, og Påldtun har eit stort sortiment innan syltetøy og marmelade. Saman med ost kan du finne den perfekte spekematen og skinka som hever smaken. Gode tørstedrikkar til middag, dessert og ost og kjeks, kan du finne blant produsentar som Balholm, Påldtun, Juv og Haugsfrukt. Og veit du? Ost er også godt til vafle! Hugs kaffe frå Sognefjord kaffibrenneri, til dessert og frokost!
Sjå etter dei gode produkta til innekosen i din Coop Nordvest-butikk. Bakar Jon stiller også med gode og smakfulle lokale produkt.